Sanitærabonnement
Gol kommune vedtok lokale forskrifter om vatn- og avløpsgebyr den 20.11.2007. Der finn du bestemmingar om utrekning og innbetaling av vass- og kloakkavgifta.
Forskrifta kan du lese her
Kommunen brukar nasjonale forskrifter og normer som mal for lokale tilpasningar. Dette gjeld m.a. VA-normen og Sanitærreglementet.
VA-normen
Ny VA-norm for Gol kommune blei vedtatt i Utval for Natur og Næring 18.01.2005, og gjort gjeldande frå 01.03.2005.
Les VA-normen her:
Sanitærreglement.
Gol kommune brukar ”standard abonnentsvilkår for vann og avløp” utgitt av kommuneforlaget.
Standard abonnementsvilkår for vatn og avløp består av administrative og tekniske bestemmingar utgitt i kvart sitt hefte. Dei administrative bestemmingane tar for seg juridiske og forvaltningsmessige forhold, medan dei tekniske bestemmingane fastset krav til teknisk utføring.
Føremålet til vilkåra er å ivareta det gjensidige ansvarsforholdet mellom kommunen og den enkelte abonnent i samband med tilknytting til offentleg vass- og avløpsanlegg, og å sikre betryggande utføring av sanitærinstallasjonar og private vass- og avløpsanlegg.
Nærare informasjon om abonnementsvilkåra kan ein også få i Gol kommune, kommunalteknisk avdeling.