Kommunale avløpsrenseanlegg i Gol kommune
Gol kommune har ansvar for planlegging, drift og vedlikehald av kommunale avløpsrenseanlegg på Golsfjellet og Gol tettstad med tilhøyrande ledningsnett og innstallasjonar.
Golsfjellet avløpsrenseanlegg
Anlegget som ligg ved Oset vart i 1998 etablert som eit mekansk/kjemisk anlegg med opne kalkfellingsdammer dimensjonert for ca 2600 personar.
I 2007 vart anlegget totalrenovert og utvida til eit mekanisk/kjemisk anlegg basert på flotasjon i tillegg til biologisk rensetrinn. Kapasiteten for anlegget er no på ca 5000 pe. Avvatna slam blir levert Torpo komposteringsanlegg
Anlegget behandler avløpsvatn frå hotell og fritidsbustader i sentrale deler av Golsfjellet som Storefjell, Ørterstølen, Guriset og Oset. Avløpet blir frakta til anlegget via 9 km kommunalt avløpsnett og 2 pumpestasjonar.
Fylkesmannen i Buskerud har gjeve utsleppsløyve til Tisleifjorden.
Anlegget har krav til rensegrad og restutslepp for fosfor (P) og organisk stoff (KOF/BOF) jfr. sentral forskrift om begrensning av forureining m.m.
Gol renseanlegg
Gol renseanlegg som ligg ved riksveg 7 på Hagaskogen er eit mekanisk/kjemisk anlegg dimensjonert for ca 11.0000 personar. Anlegget som behandlar avløpsvatn frå Gol tettstad vart rehabilitert i 2000. Anlegget har fleire fellingstrinn med sedimentering og flotasjon. Avvatna slam blir levert Torpo komposteringsanlegg.
Det kommunale avløpsnettet som er knytta til anlegget er på ca 43 km og med 6 tilhøyrande pumpestasjonar.
Fylkesmannen i Buskerud har gjeve utsleppsløyve til Hallingdalselva.
Anlegget har krav til rensegrad og restutslepp for fosfor (P) jfr. sentral forskrift om begrensning av forureining m.m.
Hovudplan avløp
Gol kommune har utarbeida Hovudplan for avløpssektoren i kommunen. Planen vart vedteken av Gol kommunestyre i september 2002.
Vassdragsovervaking
Gol kommune gjennomfører årleg vassdragsovervaking i hovudvassdraga Hallingdalselva og Heimsil. I tillegg blir det gjennomført overvaking av vassdraga på Golsfjellet inkludert Tisleifjorden.