Vesterhuset barnehage

Bilete av Vesterhuset barnehage

Vesterhuset barnehage, ligg sentralt i Gol inntil bustadfelta Vesterhuset og Heslarystadn ca 1 km frå øvre del av Gol sentrum.

Barnehagen har tre avdelingar og er godkjent for inntil  60 plassar. Vesterhuset har avdelingane Lia, Reppen og Botten.

Barnehagen har ein småbarnsavdeling med 1-2/3 åringer. Dei to andre avdelingane har barn i alderen 3-5 år. Lia og Reppen ligg i same etasje med noko felles leikeareal. Botten ligg i underetasjen. Det er eit godt samarbeid på tvers av avdelingane slik at store og små får leike i lag.

I 2009 blei barnegarderoben på Botten utvida slik at den har fått ein meir funksjonell bruk.

I nærleiken av barnehagehuset er det ein fin skog. Barnehagen har her ein gapahuk som barna ofte besøkjer. Barnehagen har gode tradisjonar på å arbeide med lokal kultur, spesielt song og dans.

Årsplan for Vesterhuset barnehage 2012

Publisert
15.11.2007
Sist endret
10.02.2012
Publisert av
aen