Språkutviklingsplan i Gol 0-16 år


Eit samarbeid mellom barnehage, skule, helsestasjon og bibliotek.


Barnehage - skuleeigar har eit særleg ansvar for å sikre at barnehagane og skulane arbeider systematisk og planmessig med språkstimulering og leseopplæring. Gol kommune har utarbeida ein felles Språkopplæringsplan frå 0-16 år.
Helsestasjon, barnehage, skule og bibliotek er alle viktige aktørar når det gjelder språkstimulering og leseopplæring. Saman med heimen har dei ansvar for at barn får moglegheit til å utvikle eit godt talespråk og gode leseferdigheiter.
Rammeplan for barnehagen og læreplanen Kunnskapsløftet gir klare føringar og mål for arbeidet med språk, kommunikasjon og ulike typar tekst. Tidlig og god språkstimulering er ein viktig del av barnehagens innhald. Skulen skal byggje vidare på det arbeidet som barnehagane har starta opp. Leseopplæringa i skulen skal skje i alle fag og på alle trinn.
For å sikre at det blir ein samanheng i språk-og leseopplæringa, valde kommunen å lage ein plan som gjelder for heile læringsløpet frå 0-16 år. Planen skal væra eit grunnlag for det daglege arbeidet med språkstimulering og lesing i barnehage og klasserom. Den skal trekkje linjer frå dei overordna måla til det praktiske arbeidet.
Planen er delt i ein barnehagedel, 0-6 år og ein skuledel, 1.-10.trinn. Planen er strukturert i hovudområda:

  • lytte og forstå
  • uttrykke seg munnleg
  • lese og skrive

Det er satt opp mål for kva ein forventar at barnet skal meistre på dei forskjellige trinna, men det er viktig å hugse at barn utviklar seg i ulikt tempo. Det er ramsa opp aktivitetar som ein bør ha fokus på for å nå måla. Kartlegging og observasjon er ein del av arbeidet i barnehage og skule. Planen har med obligatoriske kartleggingstestar og forslag til anna kartleggingsmateriell. Nært samarbeide med foreldre er viktig for at de skal kunne bidra til god utvikling for eigne barn.
Det er laga eigne oversikter over samarbeid med biblioteket og helsestasjonen. PPT er ein viktig samarbeidspart i dei tilfella der ein bekymrar seg over utviklinga av språk eller lesing hjå eit barn.
I planen finns det også forslag til hjelpemidlar som ulik litteratur eller materiell som kan væra til hjelp og støtte for pedagogar, andre tilsette og foreldre. Det er viktig å ha fokus på gode overgangar mellom barnehage og skule, og mellom klassetrinn.
Spørsmål rundt planen kan rettast til barnehage og skule.

Les planen her.

Publisert
11.02.2011
Sist endret
11.02.2011
Publisert av
Olga Husum