Felles løft for tidleg innsats - Hallingdal

Prosjektet "Fells løft - for tidleg innsats" er eit kompetansehevingsprosjekt knytta til språkutvikling og sosial læring. Det er inngått ei samarbeidsavtale mellom Øverby kompetansesenter og Hallingdalsregionen.

Målgruppa er:

Tilsette i barnehage, PPT, helsestasjon og barnehagekontora i kommuneadministrasjonen.

Hovudmålet med prosjektet er:

  1. Praksisendring når det gjeld å stimulere språkutviklinga til barna i barnehagen
  2. Tilsette i barnehage, skule og helsestasjonane i regionen skal ha kompetanse og rutinar for å fange opp barn med svak språkutvikling/sosial utvikling, og sette inn tiltak tidleg
  3. Etablere gode rutinar for samarbeid mellom barnehage, skule, PPT, barnevern og helsestasjon

Arbeid med språk, kommunikasjon og atferd har vore sentrale satsingsområde både i barnehage og skule i Hallingdal dei siste fire åra, og ut frå dette vil prosjektet "Felles løft - for tidleg innsats" samhandle godt med og vera med på å vidareutvikle tiltak som alt er i gang. Slik satsing er også i samsvar med prioriteringar og pålegg frå nasjonale styresmakter.

Framdriftsplan:

Prosjektet er delt i steg 1 og steg 2. Steg 1, som gjeld barnehagane med samarbeidspartnarar, vil foregå fram til august 2012. Då kan det vera aktuelt å starte med steg 2, som gjeld skulane.

Prosjektleiing:

Anne Aglen Brendmoe er prosjektleiar og kontaktperson for Øverby kompetansesenter. Vigdis Melvold, leiar av Ål og Hol PPT er prosjektleiar og kontaktperson i den lokale prosjektgruppa i Hallingdal.

Kommunane er eigar av det lokale  prosjektet.

Øverby kompetansesenters nettside

Publisert
23.11.2010
Sist endret
14.02.2011