Klaras familiebarnehage (privat)
Privat familiebarnehage med dobbel gruppe, inntil 8 barn i alderen 1-2 år.
Barnehagen held til i Tronderudvegen rett opp for Gol sentrum, ikkje så langt frå Hallingmo idrettspark.
Opningstid kl. 7.45 - 16.15
I tillegg til to assistentar skal det vere ein førskulelærar som er rettleiar i barnehagen inntil 30 % stilling pr. veke ved dobbel gruppe barn.
Familiebarnehagen har lokale i heimen til den eine assistenten.
I Klaras familiebarnehage disponerer barnehagen eige rom i underetasjen på huset. Barna kan derfrå gå rett ut på leikeplassen utanfor huset. Den ligg skjerma til med mykje fin natur rundt.
Vi legg vekt på at det einskilde barnet skal få utfordringar etter eigen føresetnad, dei skal kjenne seg trygge og få den omsorga dei har behov for.
Årsplan for Klaras familiebarnehage