Hallingmo barnehage

Bilete av Hallingmo barnehage

Hallingmo barnehage har ein
avdeling som er godkjent for
inntil 24 plassar. Barnegruppa er frå
1-3/4 år.

Barnehagen ligg i Gymnasvegen med Gol vidaregåande skule og tennisbana som næraste nabo.

Lokala er eit tidlegare bustadhus som er gjort om til barnehage. Den blei bygd om og bygd på i 2009, for å gje større leikeareal og garderobe. Det er ein triveleg barnehage både inne og ute.

Hallingmo ligg midt i sentrum med eit variert og mangfoldig nærmiljø med idrettsarenaer, skog og mark som barnehagen brukar aktivt. Hallingmo ynskjer å vere ein barnehage som legg stor vekt på omsorg, trivsel og tryggleik for alle, og arbeidar spesielt for eit inkluderande leikemiljø.

Årsplan for Hallingmo barnehage 2012

Publisert
23.11.2007
Sist endret
10.02.2012
Publisert av
aen