Breidokk barnehage
Breidokk barnehage ligg i nederste del av Gol sentrum, like ved helsetunet.
Barnehagen har 3 avdelingar og er godkjent for inntil 66 plassar. Breidokk har avdelingane Stabburet, Løa og Stallen.
I 2009 blei det bygd på ein ny avdeling og samtidig blei heile den gamle delen bygd om og pussa opp.
Stabburet er småbarnsavdeling for 1-2/3 åringar. Løa og Stallen er for barn frå 3-5 år.
Alle avdelingane er på eit plan og det blir lagt vekt på å sjå avdelingane i ein heilskap. Ein del fri leik og aktivitetar foregår felles. Barnehagen får også bruke den store salen til ungdomsklubben ved behov.
Dei to store avdelingane samarbedar om faste turgrupper nestan dagleg. Turgruppene har samansetning på tvers av alder for å gje dei yngste gode rollemodellar.
I gangeavstand frå barnehagen ligg leirplassen "Smiu" med grillhytte og skikkeleg omn som turgruppene ofte nyttar.
Årsplan for Breidokk barnehage 2012