Søknad om barnehageplass
Hovudopptak barnehage og SFO 2012/2013
I samband med overgang til nytt arkivsystem i kommunane i Hallingdal, må søknader til hovudopptak for barnehage og SFO 2012/2013 (gjeld plass frå august 2012) ikkje sendast inn via det elektroniske søknadsskjemaet før etter 1. februar. Dette vil ikkje få nokon innverknad på resultatet av opptaket, då ingen søknader som gjeld hovudopptaket vert handsama før etter at fristen 1. mars er gått ut.
Det elektroniske skjemaet gjeld i perioden 01.01.12-31.01.12 kun for søknad om plass for inneverande barnehageår (2011/2012).
Ved spørsmål, ta kontakt med barnehagefagleg ansvarleg i kommunen.
Gol kommune har som målsetting å ha nok barnehageplassar i forhold til etterspørsel ved hovudopptaket .
Det er mogleg å søkje plass gjennom heile året. Då vert barna teke inn etter venteliste ved ledig kapasitet.
Nytt hovudopptak frå august har søknadsfrist 1.mars, og vi kan tilby fylgjande:
* Barnehagane har fleksibelt dagval, med ulike tilbod 2-5 dagar pr. veke.
Endring og registrering
Alle som har barnehageplass inneverande år og skal halde fram frå august neste barnehageår må sende inn elektronisk søknadsskjema.
Barnehagane.
Kommunal barnehage: Gol barnehage med avdelingane;
- Breidokk; "Stabburet" småbarnsavdeling 1-2 år, "Løa" 3-5 år og "Stallen" 3-5 år.
- Fagerlund; småbarnsavdeling 1-3/4 år
- Hallingmo; småbarnsavdeling 1 - 3 år
- Rotneim; "Stugu" småbarnsavdeling 1-2 år og "Nuten" 3-5 år.
- Vesterhuset; "Lia" småbarnsavdeling 1-2 år, "Reppen" 3-5 år og "Botten" 3-5 år.
- Øygardane; "Teigen" småbarnsavdeling 1-2 år og "Skimten" 3-5 år
- Åsgardane; ein avdeling for 1-5 år.
Privat familiebarnehage: Klaras familiebarnehage, Tronderudvegen har opp til 8 heile plassar under 3 år.