Åsgardane barnehage

Bilete av Åsgardane barnehage

Åsgardane barnehage ligg i grenda Åsgardane og har ein avdeling med barn frå 1-5 år. Barnehagen er godkjent for inntil 24 plassar.

Åsgardane ligg fint til oppe i lia ovanfor Gol ved riksveg 51 mot Valdres. Avstand til Gol sentrum er ca. 5 km.

Lokala vart tidlegare brukt som skule i grenda, men er bygd noko på og pussa opp slik at barnehagen nå er fint tilpassa barnehagedrift.

Barnehagen har ei aldersblanda gruppe for barn i alderen 1-5 år. Avdelinga ligg i hovedetasjen, men disponerar kjellaretasjen saman med grendalaget i bygda.

Her er sol heile året. Uteliv er ein viktig del av barnehagen sitt innhald, og barna opplevar gode naturopplevingar i det flotte skogsområdet utanfor barnehagen dagleg. Glede og humor har også stor betydning for at barn og vaksne skal ha det bra i lag og trivast!

Årsplan for Åsgardane barnehage 2012 


Publisert
15.11.2007
Sist endret
10.02.2012
Publisert av
aen