Barnerepresentanten
Visste du at barn har rett til å vere med og bestemme kva områda i nærmiljøet sitt skal brukast til?
Kva kan barn gjere om kommunen vil lage parkeringsplass på balløkka eller i turområdet deira, eller viss nokon vil bygge hus der dei brukar rullebrettet sitt?
Barn kan påvirke kvar balløkker, leikeområder og sykkelvegar skal ligge.
Det er lovfesta i Plan og bygningslova (§9-1) at alle kommunar skal ha ein talsperson for barn- og ungdom, kjent som "barnerepresentant". Desse har eit særskilt ansvar for barn og unges interesser i planbehandlinga.
I Gol kommune er dette fritidsleiar Kjetil Storebråten.