Alle som søkjer SFO-plass neste år,må gjere dette ved å nytte elektronisk søknad.
Den elektroniske søknaden finn du her.
Vi vil tilrå at du registerer deg som brukar og loggar inn i den elektroniske skjemabasen.
Vel du å logge deg inn, kan du lagre utkast av søknaden sjølv om du ikkje er ferdig med utfyllinga. Du vil og få eit oversyn over kva for søknader du har sendt inn til kommunen.
Når du har sendt inn søknaden vil du få eit referansenr. Dette nr. bør du ta vare på og bruke når du tek kontakt vedr. søknaden/meldinga til Gol kommune. Du vil og få ein e-post med bekreftelse av motteke søknad, men det kan ta opptil eit døgn før du får denne.
Dersom du ikkje har tilgang til internett, eller dersom du ynskjer hjelp til å fylle ut den elektroniske søknaden, kan du ta kontakt med servicetorget i kommunen,eller hvis du eller barnet/barna dine ikkje har norsk personnr. må du også ta kontakt med servicetorget i kommunen.
I samband med den elektroniske søknaden vil du finne informasjon om opptaket og SFO-tilbudet.