vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Tilskot

Tilskot til kulturarbeid

Gol kommune har som mål å støtte organisasjonar og tiltak/aktivitetar som sikrar breidda og mangfaldet i kulturlivet.
Det blir lagt særleg vekt på stønad til barne- og ungdomsorganisasjonar/aktivitetar, drift av bygg/anlegg og aktivitetar/tiltak.

Kommunale tilskot kan bli gitt til organisasjonar, personar og institusjonar i Gol kommune, og til regionale organisasjonar som har medlemer i Gol

Tilskotsordningane er avhengige av at det til einkvar tid blir løyvd nok midlar til å gjennomføre ordningane.

Driftstilskot til lokale organisasjoner

Tilskot til lokale organisasjonar er samansett av følgjande stønadsformer:

-         Medlemstilskot.

-         Aktivitetstilskot.

-         Tilskot til leiarutdanning

-         Leigetilskot.

-         Driftstilskot til bygg/anlegg.

Søknadsfrist: innan 30. april

Søknadsskjema: Driftstilskot til lokale organisasjonar

Vedlegg til søknaden:

-         Årsmelding

-         Rekneskap og medlemsregister (pr. 31.12) attestert av årsmøtevald eller registret revisor.

-         Samansetning av styret.

-         Andre krav til vedlegg går fram under den einskilde stønadsform.

Medlemstilskot

Medlemstilskot blir berre gitt til organisasjonar med barne- og ungdomsmedlemmer (under 18 år).Tilskotet er meint som stønad til organisasjonen sine vanlege administrasjons-/driftsutgifter og aktivitetar som t.d. telefon/porto, utstyr/materiell, deltaking på landsmøte/kretsmøte/kurs/samlingar o.l.

Medlemstilskotet blir gitt med:
kr. x til barne- og ungdomsmedlemer (under 18 år).

Velforeiningar og grendalag blir ikkje gitt tilskot knytta til medlemstal

Aktivitetstilskot

Aktivitetstilskotet blir gitt til organisasjonar til planlagte aktivitetar for barn og ungdom med minst 5 deltakarar under 18 år.

Aktiviteten skal vare i minst 45 min. og må vere bestemt/vedtatt av organisasjonen sitt styre, medlemsmøte eller tilsvarande dersom den skal kunne reknast som planlagt.

Tilskot blir berre gitt til lokale aktivitetar, og blir berre gitt ein gong pr. dag og gruppe uansett talet på deltakarar og lengden på aktiviteten.

Tilskot blir gitt med kr. x pr. samankomst med 5 t.o.m. 19 deltakarar og med kr. x pr. samankomst med 20 eller fleire deltakarar.

Det blir ikkje gitt tilskot til aktivitetar/samankomstar der det blir kravd inngangspengar. Det blir heller ikkje gitt tilskot til studiesirklar, kommersielle arrangement eller tilskipingar/andre spesielle tiltak som blir støtta over andre tilskotsformer i retningslinene.

Søknadskjema: aktivitetstilkot til lokale organisasjoner

Tilskot til leiarutdanning

Tilskot til leiarutdanning blir gitt til organisasjonar som har hatt tillitsvalde på leiarutdanningskurs som har å gjere med vedkomande sitt arbeid i organisasjonen.

Tilskot blir gitt med:

-         Inntil 100 % av kursavgift - max. kr. 300 pr. dag

-         Til reiseutgifter kr. 0,50 pr. km.

Tilskotet blir betalt ut etterskotsvis på bakgrunn av dokumenterte utgifter året før.

Vedlegg:
Spesifisert oversyn over utgifter. Opplysningar om deltakarar (namn/verv), kursarrangør, kursprogram, lengde, kursavgift og evnt. andre opplysningar som kan vere av verdi.

Leigetilskot

Leigetilskot blir gitt til organisasjonar til leige av lokale til aktivitetar for barn og ungdom (under 18 år).

Tilskot blir gitt med inntil 75 % av betalt leige.

Det blir ikkje gitt tilskot til leige av lokale til aktivitetar der det blir kravd inngangspengar, kommersielle arrangement eller tilskipingar som blir støtta over andre tilskotsformer i retningslinene.

Tilskot blir betalt ut etterskotsvis på bakgrunn av dokumenterte utgifter året før.

Vedlegg:

-         Spesifisert oversyn over betalt leige.

Driftstilskot til bygg/anlegg

Driftstilskot blir gitt til organisasjonar som har eigne bygg/anlegg som kontinuerleg blir nytta i organisasjonen si verksemd.

Driftstilskotet blir gitt med inntil 75 % av kostnadene til drift og vedlikehald samt små reparasjonar. Eventuelle inntekter skal oppjevast og trekkast frå før tilskotet blir bestemt.

Følgjande utgifter/inntekter kan inngå i tilskotsvurderinga:

Utgifter:

  • Løn vaktmeister/reinhald
  • Vedlikehald/små reparasjonar
  • Reinhaldsmiddel
  • Strøm/fyring
  • Kommunale avgifter/forsikring

Inntekter:

  • Leigeinntekter
  • Arenareklame
  • Salsinntekter (kiosk o.l.)
  • Andre inntekter knytta til bruken av bygget/anlegget (som t.d. stevneinntekter, parkeringsinntekter, gåver og tilskot frå andre kjelder).

Tilskot blir betalt ut etterskotsvis på bakgrunn av dokumenterte utgifter året før.

Vedlegg

Spesifisert oversyn over inntekter/utgifter.

Kultur- og idrettsstipend for ungdom

På grunn av innsparingar i kommunen er det diverre ikkje midlar til dette tilskotet.

Kultur- og idrettsstipend for ungdom
  1. Kultur- og idrettsstipendet for Gol kommune har som føremål å fremje kultur- og idrettsarbeidet i kommunen og stimulere til utvikling og innsats innan det utvida kulturbegrepet
  2. Stipendet blir delt ut av Utval for kultur og levekår. Stipendet kan delast ut til ein eller fleire mottakarar under 25 år.
  3. Stipendet blir delt ut til enkeltpersonar som bur eller arbeider i kommunen, og skal nyttast til vidareutdanning og utvikling eller til gjennomføring av særskilte oppgåver på kultur- og idrettsområdet.
  4. Søkjaren må legge fram plan for disponering av stipendet og pliktar å sende skriftleg rapport til Utval for kultur og levekår om bruken av stipendet innan utgangen av det året stipendet blir gitt.
  5. Søknadsfrist: 1. mars

Prosjekttilskot

På grunn av innsparingar, så er det ikkje mogleg å søkje på prosjekttilskot.

Føremål under dette punktet kan være t.d. vere:
  • Starttilskot til nye organisasjonar
  • Investeringer
  • Registreringsarbeid/prosjektoppgåver
  • Informasjonskampanjer/publikasjonar
  • Prosjekt/tiltak for, avog med barn og unge

Arrangementstilskot/underskuddsgaranti

På grunn av innsparingar i kommunen er det diverre ikkje midlar til dette tilskotet.

Spelemidlar

Idrettsanlegg, førehandsgodkjenning av planar

 

 

 

Besøksadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Telefon: 320 29 000