vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Gol bygdearkiv

Gol bygdearkiv

Gol bygdearkiv er eit lokalhistorisk arkiv som skal samle inn, ordne, registrere og ta vare på arkivsaker frå bedrifter, institusjonar, organisasjonar og privatpersonar, fotografi, film-, video-og lydbandopptak,stadnamn og elles kopiert og trykt materiale med tilknytning til kommunen.

I arkivet er også ei utstilling med gjenstandar frå 2. verdskrig samt ei utstilling over gamalt fotoutstyr.
Gol bygdearkiv ligg i underetasjen på Gol kommunehus.

Opningstid

Mandag og torsdag kl. 10 - 14.
Spørsmål vedr. arkivet utanom opningstida kan rettast til Gol kommune v/kulturavdelinga eller Tenestetorget.

Styret for Gol bygdearkiv 2011-2015:

Wigger Liahagen, leiar
Arne Braathen, nestleiar
Anne Kinneberg
Arne Braathen
Hedvig Lien
Roger Toppen

Styret for Gol bygdearkiv er underutval til Utval for kultur og levekår. Kulturleiar er sekretær for styret

Reglar og vedtektar for Gol bygdearkiv

Brukarreglar for Gol bygdearkiv

Vedtekter for Gol bygdearkiv

Reglement for styret for Gol bygdearkiv

Gamle bilete frå Gol

Bestilling av bilete frå Gol bygdearkiv send e-post til gol.bygdearkiv@gol.kommune.no
Tlf : 32 02 90 03

Oppgi namn, adresse og e-postadresse

- Kva du skal bruke biletet til - om det er til privat eller kommersielt føremål

- Ev. referansenr. frå Digitalt Museum.

- Pris etter avtale.

Ved bruk av bilete skal kjelde alltid oppgjevast

Vil du sjå fleire gamle bilete frå Gol kan du gå inn på Digitalt Museum eller ta kontakt med Gol bygdearkiv, som ligg i underetasjen på Gol kommunehus.

Gamle bilete frå 17. mai

Gamle bilete frå Ski og påsketrafikk

Gol bygdemuseum

Gamal gard med alle dei husa som høyrde til i eldre tid. Garden er ein av dei eldste i Gol.

Museet ligg i Golreppen ovanfor Hallingdal folkehøgskule.
Tunet er ope for omvising om sommaren og elles etter avtale.
For prisar og opningstid: sjå Hallingdal museum

Husa på garden

Stugu er frå tida rundt 1800. Loftet er frå 1750. Stabburet er frå rundt 1800. Låven med stallar er frå 1830. Eldhuset er frå tida etter 1700. Trevet og skålen er frå tida rundt 1830. Badstugu er frå tida rundt 1800 og denne er flytta til museet frå garden Tronsgard i Gol.
Kverna frå 1800 er kome frå H.H. Brennhovd i Grønlio i Gol. Stølshuset frå 1818 er flytta frå Turhusvollen på Habbeset i Gol og ned til garden. Skulehuset frå 1880 åra er kome frå Grønlio i Gol. Inne i husa finst det meste av det folk og dyr hadde bruk for på ein gard i gamal tid.

Gol Museumslag

Gol Museumslag er ein venneforening for Gol bygdemuseum.

Besøksadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Telefon: 32 02 90 03

Kontaktperson: Kulturavdelinga

Telefon: 32 02 90 00