vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Galleri Gol

Galleri Gol

Utstillingslokalet ligg midt i Gol sentrum. Sentrumsvegen 120 (i underetasjen i Hallingdal Husflid).

Lokala består av to utstillingsrom på til saman 85 kvm.

Galleriet skal primært nyttast til kunstutstillingar, men kan også leigast ut til andre utstillingsføremål innanfor kulturområdet så sant dei høver for lokalet.

Skisse av lokalet

Reglement og leigeprisar for utleige

1. Generelt

Utstillingslokalet "Galleri Gol" skal kunne nyttast til alle utstillingsføremål som høver for lokalet.

Galleriet skal primært nyttast til kunst- og kulturutstillingar, men kan også leigast ut til andre utstillingsføremål.

"Galleri Gol" høyrer inn under ansvarsområdet til Utval for kultur og levekår som gjennom enkeltvedtak kan gi ytterlegare retningsliner for drifta.

Kulturavdelinga har ansvar for dagleg drift og programmering av lokalet.

Kulturavdelinga har rett til å foreta ei vurdering av utstillingane som skal visast i galleriet og kan avvise utstillingar som av kvalitetsmessige grunnar eller andre omsyn ikkje samsvarar med galleriets profil eller vil vera uheldig for galleriets omdømme og verksemd.
For bestilling kontakt Mads Elbrønd tlf: 320 29 000 eller epost: mads.elbrond@gol.kommune.no

2.Kunst -og kulturutsillingar

Kunst- og kulturutstillingar skal som hovudregel arrangerast av Kulturavdelinga, kunstforeining eller andre liknande kunst-/kunsthandverkorganisasjonar.

Galleriet kan også leigast ut til einskildpersonar/grupper til kunst- og kulturutstillingar. Søknad om leige av galleriet skal i slike tilfelle vera vedlagt lysbilete av utstillingsobjekt (evnt. framvisning) samt informasjon om utstillarane (vitaliste/referansar) J.fr. pkt. 1, 3. avsn.

Kulturavdelinga sine utstillingar skal som hovudregel arrangerast etter følgjande modellar:

I: Kulturavdelinga som hovudarrangør:

Kulturavdelinga har totalansvar og dekker alle utgifter i samband med utstillinga. Salsprovisjon blir fastsett etter avtale med kunstnaren, men skal til vanleg vera 25%.

II: Kulturavdelinga som medarrangør:

Kulturavdelinga og kunstnaren deler ansvaret og oppgåvene i samband med utstillinga. Salsprovisjon blir fastsett etter avtale med kunstnaren og vil variere med kunstnaren sitt praktiske og økonomiske engasjement innanfor skalaen 0-20%.

Kunstforening o.l.

Leige: kr. 150.- pr. dag foreininga disponerer lokalet. Reinhald av lokala er ikkje lagt inn i leigeprisen. Dette må leigetakar sjølv syte for.Leigetakar vil elles bli belasta med faktiske utgifter til reinhald av lokala etter bruk.

Einskildpersonar/grupper.

Leige av galleriet etter særskilt vurdering. J.fr. pkt. 1, tredje avsn. c og pkt. 2 , andre avsn. Leige: kr. 150.- pr. dag ein disponerer lokalet.Reinhald av lokala er ikkje lagt inn i leigeprisen. Dette må leigetakar sjælv syte for.

Leigetakar vil elles bli belasta med faktiske utgifter til reinhald av lokala etter bruk.

3. Andre utstillingar

Galleriet kan leigast ut til andre utstillingar som t.d. næringsutstillingar, informasjonsutstillingar, skule-/barnehageutstillingar m.v.

Søknad om leige av galleriet skal i slike tilfelle vere vedlagt informasjon om utstillar og gi ei beskriving av utstillinga. J.fr. pkt. 1, tredje avsn.

Leigepris:

Kommersielle føremål: kr. 900.- pr. dag ein disponerer lokalet.

Kunstforeiningar og andre ikkje-kommersielle føremål: kr. 250.- pr. dag ein disponerer lokalet.

Reinhald av lokala er ikkje lagt inn i leigeprisen. Dette må leigetakar sjølv syte for. Leigetakar vil elles bli belasta med faktiske utgifter til reinhald av lokala etter bruk.

4. Opningstider

Rammer for opningstida:

Kvardagar: kl. 09.00 - 21.00

Laurdagar: kl. 09.00 - 18.00.

Søn- og helligdagar: kl. 13.00 - 18.00.

5. Kopieringstenester

Kulturavdelinga kan bistå utstillarar med produksjon av utstillingslister, invitasjonar og plakatar (produsert på kopimaskin) til dei prisar som til ein kvar tid er gjeldande i Gol kommunehus.

Utstillingar

2017

 

Alle utstillingane er salutsillingar

Utstillar Arrangør Tidsrom
Olav Thune og Knut S. Kvannli (Maleri og skulpturar) Gol kunstforening 10.03 - 26.03

Hilde Anderdal Schage (Maleri)

Gol kunstforening

09.06 - 25.06

Odd-Trygve Kolbjørnsgard

Gol kunsforening

14.07. - 16.07

Kine Hellebust (Maleri) Gol kunstforening 15.09 - 01.10

Juleutstilling med ulike kunstnarar

Gol kunstforening 24.11 - 10.12 
Alle utstillingane er salsutstillingar
 
Filmer fra den 129. kunstutstilling høstutstilling
Videokunst Gol kunstforening 23.02

Salsutstilling - akvarell og akryl

Odd-Trygve Kolbjørnsgard

 

For meir informasjon besøk Gol kunstforening sine heimesider.

Besøksadresse:

Sentrumsvegen 120
3550 Gol

Kontaktperson: Kulturavdelinga

Telefon: 32 02 90 00