vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Frilufts - kartlegging

UNN gjorde våren 2015 vedtak om at Gol kommune skal kartlegge og verdsette alle friluftsområda i kommunen.

I November arrangerte  Buskerud fylkeskommune eit oppstartsseminar for alle kommunane i fylket som ynskjer å bli med i fyrste runde. I Hallingdal er Hol, Ål, Gol og Nes med.

Sjølve kartleggingsarbeidet vert altså gjort av kommunen, og i Gol er fylgjande arbeidsgruppe sett saman:

• Finn Terje Bøe, frisklivsleiar (Helseavdelingen)

• Mads Elbrønd, kulturkonsulent (Kulturavdelingen)

• Torleiv Torgersen, GIS-konsulent (Utbyggingsavdelingen)

• Jørn Magne Forland, miljøvernrådgjevar (Landbruk og Miljø-avdelingen) – Prosjektleder

Arbeidsgruppa vil sjølvsagt væra avhengig av kunnskap undervegs i prosessen og vil knytte til seg personar som har god kjennskap til kva som er viktige områder for friluftsliv. Her kan særskilt nemnas lærarane/rektor ved Gol skule og barnehageansatte. Uteområda like ved skule og barnehagane er verdifulle for læring, leik og rekreasjon.

Så vil ressurspersonar innanfor friluftsliv være viktige å knytte til seg: Gol turlag, Gol jeger og fiskeforening, Gol 4h, Hallingdal folkehøgskole.

Grunneierorganisasjoner som bondelag, småbrukerlag, utmarkslag, løypelag og skogeierlag blir også viktig å informere og innhente kunnskap frå.

Kommuner som har gjort dette tidlegare har brukt ca. eit år på arbeidet.

Miljødirektoratet har meir informasjon i denne brosjyra:

http://www.miljodirektoratet.no/Documents/publikasjoner/M98/M98.pdf

Besøksadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Kontaktperson: Jørn Magne Forland

Tittel: Miljøvernleiar

Telefon: 32 02 90 76