vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Klubb 1

Klubb1 er ein open ungdomsklubb for ungdom mellom 13 og 18 år med lokale i kjelleran på Breidokk barnehage.
Klubbleiar er Trond Johansen.

Aktivitetar

Klubb1 er ein rusfri stad der ungdommen skal føle seg trygge og ivaretatt. På Klubb1 er det biljard, airhockey, datamaskinar, PS3, Wii, videokveldar, TV med mange kanalar og ikkje minst eit utruleg bra discoanlegg. Så her er det berre fantasien som stoppar for aktivitetar. Dei har ein eigen kiosk der det blir seld varm mat, brus og diverse godteri til låge prisar. Klubb1 har egne retningsliner for Gol ungdomsklubb.

Opningstider

Tysdager frå kl. 17.30 - 22.00
Fredager frå kl. 18.30 - 23.00

Leige av lokala

Klubb1 leiger ut lokala sine til klassefestar og fødselsdagar.
Leien er på kr. 750,- med musikk/DJ kostar det kr. 200,- ekstra. For booking eller spørsmål kontakt Trond på mobil: 908 55 530

Musikkverkstad

Gol har fått ein ny musikkverkstad som heldt til  på ungdomsklubben – Klubb1. Musikkverkstaden heiter sc1en. Det er for alle dei som likar bandmusikk eller kan spele eit instrument. Det er gratis å  kome på musikkverkstaden.

Musikkverkstaden er drive som eit prosjektsamarbeid mellom Frivilligsentralen Gol og ungdomsklubben. For meir informasjon ta kontakt med Trond Johansen eller kom innom på ein klubbkveld.

 

Besøksadresse:

Tunvegen 1
3550 Gol

Kontaktperson: Trond Johansen

Tittel: Klubbleiar

Telefon: 32 07 53 65 / 908 55 530