vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Miljøfyrtårn

Miljøfyrtårn

Miljøfyrtårn er ein sertifiseringsordning som hjelper private og offentlege verksemder til å drive miljø vennlig og samtidig lønsamt. En godkjent konsulent hjelper deg med å finne frem til effektive miljø - og klimatiltak. Verksemda vil verta godkjennt av ein offentlig sertifisør. Sertifikatet bestillast hos Stiftelsen Miljøfyrtårn og utstedes av sertifisør og ordførar i kommunen.

Auka kildesortering og gjenbruk, redusert energibruk og redusert sjukefråvær er positive resultat som vert oppnådd gjennom sertifisering. Stadig fleire offentlige instansar og private bedrifter stiller krav til sine leverandørar om at de er miljøsertifisert.

Info miljøfyrtårnkommunar

"90% Først mot fremtiden"

Buskerud Fylke (BFK) sin regionale reiselivsplan "Først mot fremtiden" har som mål å få 90% av kommersielle reiselivsbedrifter miljøsertifisert innan utgangen av 2016. Dette må ikkje nødvendigvis vera miljøfyrtårn, men kan også vera f.eks Svanen, Green Key, ISO, Norsk Økoturisme, Blått flagg.

Støtte til sertifisering

Som reiselivsbedrift har ein moglegheit til å få stønad til å verta sertifisert. Ein vil få hjelp av ein miljøkonsulent til å gå gjennom bedrifta, og leggja ein plan for å verta sertifisert. Frå start til ferdig sertifisert kan det gå 3 mnd. og opp til eit år, alt etter kva type bedrift og størrelse. Av konsulentkostnadane vil ein få refundert inntil 50% (inntil 20 000 NOK) frå Buskerud Fylkeskommune når ein er ferdig sertifisert.

Krav frå BFK og Innovasjon Norge

BFK og IN har no som krav når dei gjev stønad og tilskot har dei som krav at ein er/har starta arbeidet for å verta miljøsertifisert. Dette er også noko som gjer at fleire og fleire no ser verdien av å verta miljøsertifisert.

Samarbeidspartnarar

Sertifiseringsordninga vert forvalta av Stiftelsen Miljøfyrtårn. Hovudorganisasjonen VIRKE, NHO, Landsorganisasjonen (LO), Bedriftsforbundet, kommunar/fylkeskommunar og KS har representantar i stiftelsens styre.

Veiledning

For reiselivsbedrifter i Buskerud Fylke, kontakt RePlan for nærare informasjon om "Først mot fremtiden" sin satsing og hjelp til å koma i gang. RePlan er prosjektleiarar for fylkeskommunen.

For andre verksemder som vil bli miljøfyrtårnsertifisert skal ein kontakte ein miljøfyrtårnkonsulent (ta kontakt med eigen kommune) som bidrar til å velje bransjekrav. Det er utvikla krav innafor ulike bransjar (for eksempel røyrleggar, hotell, barnehage og skule). Med stønad av konsulenten gjennomfører verksemda så ein miljøanalyse. Når verksemda oppfyller krava kontaktar konsulenten kommunens sertifisør. Verksemda sertifiseras og rapport sendes Stiftelsen Miljøfyrtårn, som registrerer sertifiseringa og sender sertifikat til kommunen. Etter tre år skal verksemda resertifiserast. Kvart år sender verksemda ein miljørapport med handlingsplan til Stiftelsen Miljøfyrtårn.