vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Om oss

Presentasjon av kommuna

Gol kommune ligg sentralt plassert på austlandet, og er eit knutepunkt mellom aust og vest. 
Gol har ei flatevidde på 532,5 kvm og 4 574 innbyggjarar pr. 1.1.16.

Kor ligg Gol og korleis kjem ein dit

Gol ligg i dalføret Hallingdal i Buskerud fylke, 167 km nordvest for Drammen. Køyrer ein riksveg 7, er det 174 km frå Oslo til Gol, og 290 km frå Gol til Bergen .
Følgjer ein riksveg 52, kjem ein til Vestlandet via Lærdalstunnelen. Avstanden til Lærdal er ca. 110 km.
Over til nabodalføret Valdres køyrer ein riksveg 51. Det er ca. 50 km til Valdres sitt regionsenter, Fagernes.
Bergensbanen har stopp på Gol. Toget brukar ca. 2 t. 45 min. frå Oslo og i underkant av 4 timar til Bergen.
Dersom ein vil over til Vestlandet med buss, kan ein ta Sogn og Fjordane ekspressen til Førde via Sogndal.

Vær og natur

Gol har eit typisk innlandsklima, med kald vintrar og varme sumrar. Flatevidda i Gol er 530 km² og høgda over havet varierar mellom 180 og 1295 meter. Austover mot Valdres ligg det tradisjonsrike Golsfjellet. Turistbedrifter, hytter og stølsgrender har lenge prega dette senteret for fjellturisme i øvre Buskerud. Det er tilrettelagt for eit aktivt friluftsliv med eit nett av merka løyper for både vinter- og sumaraktivitetar. Kommunen har to freda naturreservat: Lyseren våtmarksreservat som er eit kompleks av små vatn med myrer omkring og Metubba myrreservat, som er dominert av myrer av ulik type og med interessante planter og plantesamfunn.

Historie

Namnet Gol skal koma av Gord, som ei tid var namnet på elva som renn
gjennom bygda. Namnet tyder gjerde, gard, stengsel. Elva laga stengsel og set grense mellom to dalsider. Det er usikkert når dei fyrste menneska busette seg i Gol, men ein er ganske sikker på at ved år 1000 var minst 26 gardar i Gol rydda
og folkesett (”Boka om Gol”, b.1). Funn av dyregraver og jernslagg på Golsfjellet viser imidlertid at området har vore utnytta frå urgammal tid. Gol stavkyrkje blei i 1884 flytta til Bygdøy og danna grunnstamma i Norsk folkemuseum. I dag har
Gol berre kyrkjegarden att av det opprinnelege, men ein kopi av stavkyrkja er reist mellom riksveg 7 og Gol sentrum.

Næringsliv

Gol er ein av landets største reiselivskommunar, og er det regionale handels- og servicesenteret for regionen Hallingdal. Servicenæringane utgjer ca.. 70%, industri, kraft- og vassforsyning, bygge- og anleggsverksemd ca. 20% og landbruk ca. 10% av den totale sysselsetjinga.

Barnehage og skular

Gol kommune har full barnehagedekning. Tilbodet er fordelt på fem barnehageavdelingar og ein privat familiebarnehage. Kommunen har ein skule, 1. -10. trinn. Læringssenteret gir tilbod om grunnskuleopplæring, spesialundervisning og undervisning i norsk med samfunnsfag for framandspråklege. I tillegg har Gol vidaregåande skule og folkehøgskule.

Presentation of the Municipality

The Municipality of Gol is centrally situated in Southern Norway and is a central point between the eastern and western regions of the country.

Where Gol is and how to get there

Gol lies in the Hallingdal valley in the County of Buskerud, 167 kms northwest of the city of Drammen. Travelling along the Highway No. 7, Gol is about 174 kms from Oslo and 290 kms from Bergen. If you travel along the Highway No. 52, you can get to the western region of Norway through the longest road tunnel in the world, the Lærdalstunnelen (24.5 kms). The distance from Gol to Lærdal is 115 kms. The route over to the neighbouring valley, Valdres, is by the Highway No. 51. The distance over to the regional centre of Valdres, Fagernes, is about 50 kms.

There is a railway station (now unstaffed) in Gol, at the Bergen railway. The trainjourney from/to Oslo takes about 2 hrs. and 45 mins. and just under 4 hours from/toBergen.

If you choose to go over to the western region by coach, there is an express coach route, the ”Sogn og Fjordane Express” between Oslo and Førde by Sogndal, which halts in Gol.

Gol has a typical inland climate, with cold winters and warm summers. The mountain plateau above the central part of Gol covers 530 km² and the altitudes of Gol varies between 180 m and 1295 m above the sea level.

Eastwards, towards Valdres, is the mountain plateau, Golsfjellet, with a lot of traditions. Tourist accomodations, huts and traditional mountain summer farm chalets have for a long time characterized this centre of mountain tourism in the upper part of the Buskerud county. The area is adapted for an active use of open air activities, with a good network of marked tracks, both for the summer- (walking) and winter- (cross-country skiing) seasons.

There are two preserved nature-reserves within the council-area: Lyseren Wetland Reserve, which is a complex of small lakes and tarns with marshland around, and Metubba Marsland Reserve, which is dominated by marslands of different types and contains some interesting plants and plant families.

History

The name Gol is derived off Gord, which for a period was the name of the river which runs through central Gol. The name means fence or barrier. The river created a natural divide and a barrier between the two sides of the valley. Bilde av Gol stavkyrkje

It is uncertain when the first settlers came to live in Gol, however, it is fairly certain that by the the year 1000 AD, at least 26 farm settlements had been cleared and habitated (”Boka om Gol”, 1st volume).Traces of pits for catching animals and remains of iron slag at Golsfjellet do show that the area has been used since a very early period of our history.

Gol stave church was in 1884 moved to Bygdøy in Oslo and formed a part of the start of the Norsk Folkemuseum. Today Gol has only the remains left of the burial ground where the stave church had been situated, but a replica of the stave church has been erected between the Highway No. 7 and the central area of Gol.

Trade and Industry

Gol is one of Norway’s most important boroughs for tourism and is the regional centre for commerce and service here in Hallingdal. The businesses related to service make up about 70%, while industry, production and distribution of hydroelectric power, building and civil engineering activities make up approximately 20% and agriculture and forestry employ about 10% of all the employees.

Education

The council area of Gol has covered the need for its own pre-school education. The offer is spread out on five pre-school units and a privately run playgroup. The council did run two infants schools and one junior school, but from august 2016 all the studensts are localised in one schoolbuilding.

Gol Adult Education Centre offers basic school education, special needs education and education in the Norwegian language and about the Norwegian society, for foreigners.

Organisasjonskart

Oppdatert organisasjonskart vedteke i kommunestyret 16.06.15

Organisasjonskart finn du her

Kommunevåpenet

Reglar for bruk av kommunevåpenet.

The crest of the Gol Municipal Council.

Info om kommunevåpnet

På gull grunn tre opprette svarte lyklar med skjegget ned, to over ein.

Då Gol kommunestyre valde nyklar i sitt kommunevåpen var det også stor diskusjon både om farge og metall på nyklane, botnfarga på skjoldet og tal nyklar. Dette ordskiftet enda med vedtaket i

Kgl.resolusjon 13.september 1985
som fastsette denne formuleringa for kommunevåpenet til Gol:
På gull grunn tre opprette svarte lyklar med skjegget ned, to over ein.

For flagget er det gul grunn i staden for gull.

Merk her at i Kgl. res. er det brukt golingsforma "lyklar".

Formgjevar: Stein Davidsen.

Av saksførebuingane framgår det ikkje spesielle grunnar for val av tre lyklar. Kommunestyret valde fyrst to, men endra dette til tre, etter drøftingar med Riksarkivaren.

Lyklar er viktige i dagleglivet. Historisk har lyklar hatt vel så stor symbolsk betydning. Heilt sia Jesus overleverte Peter lyklane til himmelriket, har lykjelen hatt ei viss betydning i det liturgiske ritualet i kyrkja.

Lyklar på segl og våpenskjold har tradisjon attende til det 13. århundre, brukt symbolsk i heraldisk samanheng. Paven tok i bruk lyklar som emblem på sitt våpenskjold. Ei rekkje byar og kommunar verda over brukar ein eller fleire lyklar i sine våpen, t.d. Bremen i Tyskland og Riga i Latvia.

I Noreg er det Drammen, Sør-Odal og Gol som har lyklar i sine våpen, medan Kviteseid har låsskilt.

Gol kommune valde tre like lyklar. Motivet for å bruke lykjelen var kyrkjehistorisk, fordi det er kyrkjelykjelen frå Gol stavkyrkje -kyrkja som i dag står på Norsk Folkemuseum- som er brukt. Den originale lykjelen, som vart att då kyrkja vart riven og flytta sist på 1800-talet, er i dag i privat eige i Gol.

Etter initiativ frå Torbjørn Rustberggard vart Gol stavkyrkje reist på ny - i full målestokk - på Gol i 1994, men då på Storøyne ved Gol sentrum og ikkje på gamletomta oppe i Golreppen - like ovanfor Gol kyrkje.

Både på Gol kommunehus og i Gol kyrkje står det i dag modellar av Gol stavkyrkje.

Om Gol stavkyrkje, før ho vart riven ned og flytta til Bygdøy, står det i Boka om Gol ( H.Svello ) :

I 1824 bytte Ola Viko, sonen til Kolbjørn att, burt sin halvdel av kyrkja, i plassen Krusedøkkji med Tor Nilson Eikle. Han fekk 500 spd. (spesiedalar) i mellomlag. I 1826 melde Tor Eikle til forlikskommisjonen Kolbjørn Hagen fordi han hadde hogge i Finnesgardsskogen, som høyrde Gol kyrkje til. Kolbjørn åtte framleis den andre halvdelen av kyrkja.

På auksjon på Eikle i 1830 vart den delen av kyrkja som Tor åtte, seld til Torjus Asleson Finnesgarden. Torjus selde att til klokkaren S.Håvelsen i 1845. Frå han att gjekk so denne halvdelen til svigersonen Ulrik Kjerulf i 1862, og han att selde so til Ola Olson Hagen i 1869 for 500 spd. Dermed kom kyrkja til ein eigar att. Ola Olson Hagen, Hagamannen dei kalla, hadde frå før den andre halvdelen etter fedrane sine. Han kom so til å ha kyrkja til i 1880, då Fortidsmindesmerkeforeningen kjøpte henne, og ho vart riven og bygd oppatt på Bygdøy.

Kjelder:

Arkivet i Gol kommune, Boka om Gol I/Hallvard Svello og
Terje Nordheim/Kulturnytt 3/94

Andre offentlege tenester

Felles innkrevingskontor for Hallingdal / Skatteoppgreveren i Hallingdal

Fra 1. juli 2005 har alle skatteavdelingene i Hallingdal vært samlet på Gol under navnet: Felles innkrevingskontor for Hallingdal.

Kontoret utfører alle oppgaver som før hørte inn under kommunekassererkontorene, og arbeidsgivere og personlige skattyter henvender seg hit når det er spørsmål om betaling eller innlevering av oppgaver.

Det er også de samme personene som var i den enkelte kommune som nå er overført til felles lokaler på Gol, og det er 1 person som er felles skatteoppkrever for Hallingdal.

Alle som jobber her kan svare på spørsmål om skatt – uavhengig av hvilken kommune du skatter til.

Kommune Kontonummer
Flå 6345.06.06156
Nes 6345.06.06164
Gol 6345.06.06172

Hemsedal

6345.06.06180

Ål

6345.06.06199
Hol

6345.06.06202

Kontaktinformasjon:

Gol kommune

Gamlevegen 4, 3550 GOL

Tlf. 32 02 90 00

Gol og Hemsedal lensmannskontor

Politivedtekter for Gol finn du her.

Naudnummer 112.

Kontaktinformasjon og opningstider finn du her.

Hallingdal karrieresenter

Tlf. 32 07 52 50

Link til Hallingdal karrieresenter

Hallingdal tingrett

Link til Hallingdal tingrett

Kommunerevisjon IKS

Kommunerevisjon IKS er eit selskap som er eigd av kommunane i Hallingdal og Valdres.

Selskapets føremål er å tilby revisjonstenester til eigarane, kommunale foretak, stiftingar og andre selskap der kommunerevisjonen kan vera revisor.

Hovudkontoret ligg på Fagernes, med avdelingskontor på Gol.

Kontaktinformasjon:

Postadresse:
Gamlevegen 4, 3550 GOL

Besøksadresse:
Sentrumsvegen 93, 3550 GOL

Tlf. 32 02 91 45

Link til Kommunerevisjon IKS

Konfliktråd

Konfliktrådet organiserer ei meglerteneste som er gratis og som har til føremål å løyse tvistar mellom private partar eller mellom individ og samfunn.

Konfliktrådets virkomheit er regulert i konfliktrådslova.

Konfliktrådet i Buskerud tilbyr mekling i alle kommunane i Buskerud samt Sande og Svelvik i Vestfold og Jevnaker i Oppland.

Alle kan ta kontakt med konfliktrådet for råd og rettleiing. Saker kan fremjast ved direkte førespurnad til konfliktrådet, f.eks. frå privatpersonar, skule, barnevern, bedrifter og organisasjonar.

Sjølv om ein vel å anmelde ei sak til politiet, kan partane be om at politiet overfører saka til konfliktådet for handsaming der, dersom politiet finner den eigna.

For at ei sak skal kunne handsamast i konfliktrådet, må begge partane ha gjeve sitt samtykke til det.

 

Konfliktrådet i Buskerud
Tlf.: 22 77 70 90
E-post: buskerud@konfliktraadet.no
Nettside: www.konfliktraadet.no

Postadresse:
Pb. 87, Bragernes, 3001 DRAMMEN

Besøksadresse:
Bragernes torg 2A, 3017 DRAMMEN

Gol kyrkjelig fellesråd

Kontaktinformasjon:

Gamlevegen 4, 3550 GOL

Tlf. 32 02 90 00

e-post: kyrkja@gol.kommune.no

Link til Gol kyrkjeleg fellesråd

Mattilsynet Hallingdal

Link til Mattilsynet Hallingdal

NAV Gol og Hemsedal

Besøksadresse:

Gol kommunehus Gamlevegen 4, 3550 Gol

Opningstid måndag til fredag: kl. 10.00-15.00

Tlf. 55 55 33 33

Les meir om NAV Gol og Hemsedal her

The Norwegian Labour and Welfare Organisation (NAV) can help you to find work.

Nav Gol is situated in the townhall of Gol municipality, Gamlevegen 4.
Tlf. 55 55 33 33.

Overformynderiet - verge - hjelpeverge

Fylkemannen tok over ansvaret frå 1. juli 2013

Dei som i dag er oppnemnd til verger og hjelpeverger etter dagens regelverk, vil i utgangspunktet fortsetje etter gjennomføringa av den nye reformen.

Det er viktig for dei som treng vergemål at dei faste vergene har lokal forankring og geografisk nærleik til den ein er verge for. Fylkesmannen ynskjer derfor faste verger frå alle kommunar i fylket. Søknadsskjema og meir informasjon finn ein på sidene til Fylkesmannen i Buskerud og på Vergemålsportalen.

Den nye lova om vergemål som trådte i kraft 1. juli 2013, har som hovudmål å betre rettssikkerheiten og rettslikheiten for mennesker som treng vergemål.

Overformynderiet si hovudoppgåve er å forvalte umyndige sine midlar, oppnemning av verger og hjelpeverger og å føre tilsyn med vergene.

Overformynderia tar med andre ord vare på formue og rettar til dei som ikkje kan gjere det sjølve.

Personar som treng slik hjelp kan vere: barn og unge, alderssvekka, psykisk sjuke og psykisk utviklingshemma. Ei stor gruppe er også dei einslege, mindreårige, asylsøkjarar.

Nye rammer for vergene

  • Det blir etablert kontakt mellom dagens verger og hjelpeverger og Fylkesmannen i god tid får den nye lova trer i kraft
  • Det vil bli gitt opplæring til dagens verger/hjelpeverger i det nye regelverket
  • Det vil komme på plass nasjonale reglar og satsar for godtgjering av verger

Statens sivilrettsforvaltning

  • Vil bli sentral vergemålsmyndigheit
  • Vere tilsynsmyndigheit
  • Klageinstans for vedtak om oppnevning av verge og andre vedtak teke av Fylkesmannen

Kontaktinformasjon

Fylkesmannen i Buskerud

Postboks 1604, 3007 Drammen

Tlf. 32 26 66 00

Skatt sør

Skattekontoret på Gol stengte dørene 1. juni. Næraste kontor er no Skatt Øst, Leira i Valdres.
Postadresse: Postboks 2412, 3104 TØNSBERG
Besøksadresse: Kongsvegen 79, 2920 LEIRA I VALDRES
Åpningsd: Måndag - fredag kl. 09:00 - 14:30
Telefon: 800 80 000
Nettsider: www.skattetaten.no

Leira har ID-kontrollar kvar torsdag kl. 09.00 - 14.30 (ID-kontroll = Er du utenlandsk arbeidstaker som skal ha Dnummer for å få skattekort, utenlandsk borger med D-nummer og behov for ID-kontroll, eller skal du melde innflyttng til Norge.)
 
Pr. nå har vi avtale om å avholde ID-kontroll ved turistkontorene i Hemsedal og på Geilo på følgende datoer i høst:  
 
18. oktober      kl. 10-12 i Hemsedal og kl. 14:00- 16:00 på Geilo
20. november  kl. 10-12 i Hemsedal og kl. 14:00- 16:00 på Geilo
13. desember   kl. 10-12 i Hemsedal og kl. 14:00- 16:00 på Geilo

Foreløpig har vi avtalt de nevnte fire datoene, og deretter vil antall kontroller bli tilpasset behovet løpende. Det eneste som kreves er at arbeidsgivere eller enkeltpersoner melder seg på turistkontoret senest en uke før kontrollen.

Vinn AS Hallingdal

VINN AS Hallingdal er ein interkommunal attføringsbedrift som gir arbeidstreningstilbod og varige arbeidsplassar for menneske med behov for bistand av midlertidig eller varig karakter.

VINN AS Hallingdal har eit tett samarbeid med Nav-kontora i Hallingdal, helsevesen og andre kommunale instansar.

Meir informasjon om VINN AS Hallingdal finn du her

Kontaktinformasjon:

Vinn AS Hallingdal avd. Gol

Klemmavegen 8, 3550 GOL

E-post: post@vinn-hallingdal.no

Tlf. 32 07 56 00 Fax. 32 07 55 94

Øvre Buskerud Jordskifterett

Besøks- og postadresse:

Gol kommunehus

Gamlevegen 4, 3550 GOL

Opningstid: kl. 09.00- 15.00 (månd.- fred.)

Tlf. 320 29 000

Link til Øvre Buskerud Jordskifterett

Gol - Miljøfyrtårnkommune

Gol kommune er miljøsertifisert, og har valt å vera ein miljøfyrtårnkommune.

Les meir om miljøfyrtårn i denne lenka.