vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Sosiale tenester

Økonomisk rådgiving

NAV gir økonomisk rådgiving til dei som har betalingsproblem eller gjeldsproblem. Rådgivinga kan vere hjelp til å setje opp eit realistisk budsjett, men kan også omfatte forhandlingar med kreditorar og hjelp til å inngå ein gjeldsordningsavtale.

Du skal etter beste evne sjølv prøve å kome fram til ei ordning med dine fordringshavarar.

 

Dersom du treng hjelp til å styre din eigen økonomi, eller dersom du er i gjeldsproblem, kan du kontakte NAV.

Til første møte bør du ha med deg dette:

  • Kopi av dei tre siste løns-/trygde-/stønadsutbetalingane (sjekk om det er gjort trekk for dekning av gjeld på desse utbetalingane).
  • Kopi av kvitteringar for utgiftspostar som blir vurderte som store, eller andre kvitteringar som det er grunn til å sjekke.
  • Kopi av likningsattest.
  • Kopi av skatteoppgjeret og utskrift av likninga for siste skatteåret.
  • Årsoppgåver (i samband med sjølvmeldinga) frå långivarane.
  • Årsoppgåver i samband med bidragsgjeld.
  • Ev. utleggskrav.
  • Ev. innkalling til forliksrådet.
  • Oversyn over pant som hefter ved eigen bustad.
  • Oversyn over pant som hefter ved eigen bil

Økonomisk stønad

Økonomisk stønad (sosialhjelp) skal sikre deg hjelp til livsopphald. Med dette meiner ein pengar som går med til å oppretthalde ein rimeleg livsstandard, slik som til mat, husleige, straum og eventuelt nødvendige klede.

Har du barn, skal det takast særleg omsyn til deira behov. Barn og unge kan til dømes ha behov knytta til deltaking i allmenne skule- og fritidsaktivitetar.

 

Vilkår

Dersom du ikkje kan forsørgje deg sjølv gjennom arbeid eller andre inntektskjelder, og har prøvd alle andre utvegar, har du krav på økonomisk stønad (sosialhjelp) til livsopphald. Det kan stillast vilkår for hjelpa. Du kan bli bedd om å dokumentere kva for andre utvegar du har prøvd;

  • om du har søkt om bustønad
  • om du har nytta deg av dine rettar til eventuelle trygdeordningar
  • om du har kontakt med Arbeids- og velferdsetaten (NAV) og tar imot tilbod om arbeid eller kurs

 

Du kan kontakte NAV for å få hjelp til å søkje om økonomisk stønad (sosialhjelp).

NAV - Økonomisk stønad (økonomisk sosialhjelp)

 

Klage

Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.

I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.

Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.

Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig. 

Legat for verdig trengjande

Legatet er oppretta ved ei samanslåing av fleire legat.

Legatet skal delast ut til økonomisk vanskelegstilte vaksne personar i Gol kommune, fortrinnsvis eldre og/eller sjuke, som treng støtte og hjelp

Utdelinga skal ikkje erstatte offentlege ytingar.

Ny tildeling av legatmidlar skjer ein gong kvart kalendarår. Kunngjering av søknadsfrist skjer gjennom lokalavisa.

Reviderte vedtekter for legatet til beste for verdig trengjande

Fond, legat og støtte

 

Aktuelle linkar

Forvaltningsloven

Lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen § 17 (Opplysning, råd og veiledning)

Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. § 1-1 (Formål til lova)

Gjeldsordningsloven § 1-5 (Kommunen si plikt til å bistå personer med alvorlege gjeldsproblem)

Forskrift om livsoppholdssatser ved utleggstrekk og gjeldsordning

Livsoppholdssatser per 1. juli 2015

Lov om sosiale tjenester i NAV, kap. 4 (Individuelle tenester)

Statlege veiledande retningslinjer for økonomisk stønad til livsopphald 2015

Sosiale tenester

Besøksadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Telefon: 55 55 33 33

Kontaktperson: Nav Gol og Hemsedal

Tittel: Opningstid måndag-fredag kl 10-15

Telefon: 55 55 33 33