vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Verjemål

Formålet med bruk av verje er å verne og hjelpe personar som ikkje kan ta vare på sine rettslege og økonomiske interesser godt nok. Den som blir umyndiggjord, skal ha verje. I andre tilfelle enn ved umyndiggjering blir det oppnemnt ein hjelpeverje. Mandatet til hjelpeverjen skal vere avgrensa til det den myndige ikkje klarer sjølv.

Hjelpeverja blir oppnemnd av Hallingdal tingrett etter tilråding frå overformynderiet i Gol. Overformynderiet fører tilsyn med verja og styrer midlane til den umyndige dersom dei overstig kr 75 000. Midlar under kr 75 000 blir styrd av verja når ikkje anna er bestemt. Fullmaktsområdet til ei hjelpeverje blir fastsett ved oppnemninga. Det skal ikkje gjerast meir omfattande enn det som er nødvendig.

Målgruppe

Personar som har fylt 18 år og som på grunn av sinnsliding, irekna demens, psykisk utviklingshemming, rusmiddelmisbruk, alvorleg speleavhengnad eller alvorleg svekka helse, ikkje er i stand til å ta hand om interessene sine. 

Den som har foreldreansvaret, er automatisk verje for mindreårige. For umyndiggjorde blir det oppnemnd verje i samband med umyndiggjeringsaka. For å få oppnemnd hjelpeverje må følgjande vere med:

  • krav om oppnemning frå til dømes nære pårørande eller ansvarshavande lege eller tilsynslege ved institusjon der vedkomande er innlagd.
  • tilfredsstillande legefråsegn om at vedkomande på grunn av sinnsliding, andre psykiske vanskar, senil demens, psykisk utviklingshemming eller lekamleg funksjonshemming ikkje kan ta hand om oppgåvene sine.
  • samtykke frå den som skal ha oppnemnd hjelpeverje dersom det ikkje går fram av legefråsegna at innhenting av samtykke er umogleg eller av særlege grunnar utilrådeleg.

 

Veiledning

Før Fylkesmannen fattar si avgjerd, skal saka vere så godt belyst som mogeleg. Det skal liggje føre:

  • Grunngitt krav/melding
  • Erklæring frå lege (ev. fleire)
  • Fråsegn frå pårørande, institusjon eller liknande
  • Samtykkeerklæring

I tillegg skal det vere ei samtale mellom personen som har behov for verje og saksbehandlar hos fylkesmannen, før verjemål blir oppretta.

Søknadsskjema og meir informasjon finn de på sidene til Fylkesmannen i Buskerud og på Vergemålsportalen.

Klage

Du har rett til å klage på vedtaket om verjemål. Klagefristen er 3 veker frå ein tek imot vedtaket. Det må presiserast kva ein klagar på og kva endring ein meiner må gjerast, årsaka til at ein klagar og eventuelle andre opplysningar som blir sett som viktige for klagen.

Klagen skal sendast til den fylkesmannen som har fatta vedtaket ein vil klage på, for førebuande klagebehandling. Fylkesmannen kan gjere om vedtaket sitt etter klagen, eller sende han vidare til Statens sivilrettsforvaltning for avgjerd.

Dei som har rett til å klage på eit vedtak om oppretting av verjemål, er:

  • den som er sett under verjemål
  • denne personen si verje
  • den som har bedt om verjemålet
  • personens ektefelle/sambuar, foreldre, næraste livsarving og søsken.

  

Aktuelle linkar

Lov om vergemål - Vergemålsloven

Verjemål

Besøksadresse:

Fylkesmannen i Buskerud Postboks 1604
3007 Drammen

Telefon: 32 26 66 00