vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Psykisk helse

Psykisk helse

Alle har ei psykisk helse.

Psykisk helse handlar om vår evne til å meistre tankar, kjensler, åtferd og kvardagens krav i forhold til ulike livssituasjonar.

Alle møter motgang i ei eller anna form ei eller anna gong i livet. Meir kunnskap og informasjon om kvar det er hjelp å få, - og det å vere open om psykisk sjukdom, er viktig for å hjelpe den enkelte og førebygge psykiske problem.
Mange vil klare seg på eiga hand eller med støtte og behandling frå helsetenesta. Er hjelpa tilgjengeleg straks, er det store muligheiter for å bli frisk.

Psykisk helsearbeid i kommunane er tiltak retta mot menneske med psykiske vanskar og lidingar og konsekvensar av desse hjå den enkelte, deira familie og nettverk. Psykisk helsearbeid er også helsefremmande og førebyggande arbeid, opplysningsarbeid og anna arbeid for å motverke stigmatisering og dikriminering.

Psykisk helsearbeid i kommunen vert avgrensa mot psykisk helsevern, som er psykisk helseteneste på spesialtenestenivå.

I Gol kommune møter du tilsette som har kunnskap og som veit korleis dei skal møte menneske som slit med psykiske problemer. Dei har også oversikt over kva tilbod og mugligheiter som finns i kommunen.

Er du under 18 år så ta kontakt med helsestasjonen.

Alle som bur i Gol kommune kan ta kontakt direkte med psykisk helse.


I Hallingdal er dette psykriatisk poliklinikk og døgnavdeling ved Hallingdal sjukestugu, Buskerud sentralsjukehus, avd. Lier og Ringerike sjukehus, avd. Røyse, alle ein del av Vestre Viken.

Kurs i meistring av depresjon - KID

Kurs i meistring av depresjon - KID, er utarbeida for vaksne som i periodar kjenner seg nedstemd eller er deprimert (fra lett til moderat) på en slik måte at det går utover evnen til å fungere og på kvaliteten på livet.

For meir opplysningar, ta kontakt med Psykisk helse på tlf.32 07 86 50 eller Marianne J.Fauske, tlf. 916 38 029 mail: marianne-jothun.fauske@gol.kommune.no.

Brukarmedverknad

Brukarmedverknad er ein grunnleggjande verd, ein lovfesta rett og eit verkemiddel i psykisk helsearbeid.

Brukarmedverknad skal bidra til betre kvalitet på tenestetilbodet og til å fremje sjølvstende og evna til å meistre eige liv. Avdeling Psykisk helse legg stor vekt på eit nært og godt samarbeid med brukarane og brukarorganisasjonar både når det gjeld tenestetilbodet til den enkelte og utviding av tenestetilbodet til psykisk helsefeltet generelt.

Støttesamtaler

Kvalifisert helsepersonell tilbyr støttesamtaler til personar med psykisk sjukdom, livskriser og/eller rusproblem. Allianse og tillitsforhold, stabilitet og kontinuitet er stikkord i oppfølging. Dei held auge med, fangar opp signal og svingingar i sjukdomsforløp, gjer vurderingar, set i gang tiltak m.m. Ein behandlar/kontaktperson i psykisk helse formidlar tenester på andre område og kan vere talsperson/tilretteleggar for at den som søkjer hjelp hentar ut sine rettar i det offentlege.

Miljøteneste

Tilrettelegging for meistring av daglege gjeremål, etablering av gode rutinar for å ha ein grei levestandard, økonomirådgiving, stimulere til aktivitet og sosialt nettverk er nokon av mange arbeidsområde miljøtenesta i Psykisk helse tilbyr. Omfanget av tenestene vert avtalt med den enkelte.

Arbeid

Det er mogleg å vera i arbeid til tross for helseplager. å vere i arbeid, enten deltid eller heiltid, kan dessutan ha ein positiv effekt på helsa di.
Nye behandlingstilbod og tettare oppfølging kan få deg raskare attende.
Tilsette i Psykisk helse kan og hjelpe til med å legge til rette for små og store arbeidsoppdrag.

NAV Arbeid

VINN Hallingdal

FRETEX Gol

Treff

Psykisk helse arrangerer treff fleir dagar/kveldar i veka. Det er ein møteplass for brukerar og tilsette.
Her kan du kome om du treng å vera saman med andre. Det blir servert lunsj/middag til sjølvkost.

Dine rettar

Viss du blir sjuk, har du mange rettar som pasient. I Noreg har du mellom anna rett til nødvendig helsehjelp, eigen fastlege, vurdering i spesialhelsetenesta, rett til val av sjukehus og rett til å klage på behandlinga.

I kritiske og livstruande situasjonar skal du dtraks ringe naudnummeret 113. Forklar kva som har skjedd, fortel kva for ei adresse du ynskajr hjelpa til og kva for eit telefonnummer du ringer frå.

Viss situasjonen ikkje er akutt, det vil seie at det ikkje er fare for liv og helse, kan du kontakte fastlegen din, eller næraste legevakt. I tillegg finst følgjande tilbod til personar som er i psykisk krise.

Meir informasjon kan du finne på Sosial- og helsedirektoratet sine sider

Meir informasjon om psykisk helse

Aktuelle linkar

Fylkesmannen i Buskerud

Helsedirektoratet

Klara Klok

Landsforeninga for pårørande

Mental helse

Morild

Rådet for psykisk helse

Rådgivning om spiseforstyrrelser

Statens informasjonsside til ungdom

dinutvei.no

Sjølvhjelp

Sjølvorganisert sjølvhjelp

Selvhjelp Norge er eit nasjonalt kompetansesenter som arbeider på oppdrag frå Helsedirektoratet. Det har i den seinare tid vore arrangert møter og seminar om etablering av sjølvhjelpsgrupper i Hallingdal. Kva er ei sjølvhjelpsgruppe og kven kan delta? Ei sjølvhjelpsgruppe kan være ein verkstad for endringsarbeid, for å få tak i eit problem som gjer avgrensingar i kvardagen.Det handlar om å ta i bruk ibuande kunnskap, erfaring og ressursar, og handtere livet på ein sunn måte.

Målsetjinga med sjølvhjelpsgrupper er å fremje innsikt, auke meistringsevna, betre livskvaliteten og gradvis våge å setja ord på tankar og følelsar saman med andre er gruppa sitt verktøy for å koma vidare i livet.

Omgrepet sjølvorganisert sjølvhjelp blir brukt for å skildre at denne typen sjølvhjelpsarbeid går føre utan fagfolk som leiar arbeidet. men gruppene blir starta ofte med hjelp av ein igangsetjar.

Målsetjinga me denne artikkelen er å spreie informasjon og bidra til etablering av sjølvhjelpsgrupper.

Har du spørsmål om sjølvhjelpsgrupper eller det å vera ein igangsetjar eller ynskjer tilsendt informasjon, ta gjerne kontakt med Psykisk helse Marianne Jøthun Fauske tlf. 916 38 029 eller Marianne Ødegaard tlf. 916 73 947.

  

Hjelpetelefon og web

Arbeidslivstelefonen

Bekymringstelefonen for Voksne barn

Hjelpelinja for spillavhengige

Homofiles ungdomstelefon

Kirkens SOS

Landsforeningen for forebygging av selvskading og selvmord LFSS

Mental helses hjelpetelefon

Nettportal for psykisk helse-hjelp til hjelp

Røde kors hjelpetelefon for barn og ungdom

Psykisk helse

Besøksadresse:

Valdresvegen 26
3550 Gol

Posadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Kontaktperson: Marianne Ødegaard Mûller

Tittel: Avdelingsleiar

Telefon: 916 73 947