vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Legetenesta

Nasjonalt legevaktsnummer 116 117

I kontortida mellom kl.08.00 - 15.00 ringer du 32 02 92 00. 113 når det er akutt og står om liv.

Legevakta er bemanna med lege og sjukepleiar som er tilstades i vaktlokala gjennom heile døgnet. Vi ber deg likevel om å ringe før du kjem. Dette både for å unngå unødig venting og for å få gode råd. Nokre gonger kan ei slik samtale gjera legevaktbesøket unødvendig.

Legekontoret

Legekontoret består av heiltids -og deltidsarbeidande legar. Anne Marie Vedde er spesialist i allmennmedisin, Lars Christian og Heidi Sandaker, Eivind Vedvik og Jagannivisan Thurainayagam er godkjente allmennlegar som er i ferd med å utdanne seg til spesialist. Patience Lister er kommuneoverlege i 50% stilling.
Me har dessutan turnuskandidat som arbeider under veiledning.

Våre opningstider er kl. 08:00 - 15:30 unnateke tysdag. Då me har stengt for alt unnateke øyeblikkeleg hjelp pga av morgonmøte mellom kl. 08:00 - 09:00.
Har legen din rekvirert prøvetaking utanom vanleg time, kan dette gjerast i tidsrommet 08:00 - 11:30 og 12:30 - 13:30  alle dagar utanom tysdag. Tysdag kl 09:00 - 11:30 og 12:30 - 13:30.

Pasientar

Gi beskjed om endring av adresse, telefonnummer og arbeidsgjevar ved timebestilling.

Opningstid

Legekontoret er ope frå kl. 08:00 - 15:30, måndag, onsdag, torsdag og fredag.
Tysdag er opningstida 09:00 - 15:30.

Lunsjpause mellom kl.12:00 og 12:30.

Timebestilling via internett, app og SMS

Det er no mogleg å be om legetime hjå oss via SMS, internett/nettlesar og med app for Android/iPhone. Dette tilbodet er meint nytta til ting som ikkje hastar som til dømes førerkortattestar, blodtrykkskontrollar, diabeteskontrollar og liknande.

SMS-bestilling:

• Ein kan sende SMS-førespurnad direkte til sekretærane med ynskje om time.

• Meldinga sendast til nummer «2097» med kodeord GOL fyst i meldinga. Oppgje fødselsdato (6 siffer), namn og deretter nokre ord om kva det gjeld. SMS vert ikkje rekna som sikkert så ikkje skriv sensitiv informasjon i meldinga.

• Eksempel på SMS-melding til oss:
GOL 02.03.74 Kari Nordmann. Treng time for blodtrykkskontroll, helst ein mandag.
Meldinga sendast til nummer 2097

Forespurnad om time via nettlesar

• Fyll inn personalia, kva det ynskjast time til og eventuelle ynskjer om tidspunkt/vekedag for timen.

«HelseRespons» App for Android og iPhone

• Last ned app, registrer deg og velj Gol Kommunelegekontor før du skriv melding til  oss.
Alle meldingar blir lese av sekretærane som så tek kontakt med deg med tilbod om time via telefon, brev eller SMS (dersom du allereie har samtykka til SMS-svar frå legekontoret).

Det må presiserast at desse løysingane ALDRI MÅ NYTTAST VED AKUTT NØD / BEHOV FOR «ØYEBLIKKELIG HJELP» 

• Ved nød skal ein alltid ringje direkte «113» til naudsentralen.
• For førespurnader til legevakta, ring nasjonalt nummer for legevakt «116 117».
• For vanlege førespurnader, ring Kommunelegekontoret Gol direkte på «32029200».

Telefontid

Telefontid må bestillast frå morgonen av den dagen du vil at legen skal kontakte deg. Telefontida er berekna på korte problemstillingar, ev. svar på prøver(etter avtale med legen). Ordinær timebestilling skal avtalast med legesekretærane. Legen ynskjer stikkord om kva konsultasjonen gjeld, for å kunne prioritere kven som må ringast til. Dette er viktig fordi telefonlistene ofte blir så lange at legen ikkje rekk å ringe alle på lista.

Reseptar

Vi ber om at du fornyar resepten i god tid før du går tom for medisin. Me har begynt med elektroniske reseptar, så bestilte reseptar kan no hentast direkte på apoteket.

Laboratorieprøver

Blodprøver, urinprøver og anna kan takast utanom konsultasjon, men då helst mellom kl 08:00 og 12:00 måndag, onsdag,torsdag og fredag, og mellom kl 09:00 og 12:00 på tysdag.

Konsultasjon

Det er i hovudsak sett av inntil 20 minutt pr. konsultasjon. Har du eit meir samansett eller omfattande problem ber vi deg gi beskjed om det når du bestiller timen. Fyrste gongs konsultasjon for gravide må be om dobbelt time.

Betaling

Betaling skjer via betalingsterminalen på legekontorets venterom. Vi tilrår alle våre pasienter om å betale kontant eller med kort for alle våre tenester. Ved utskrift/tilsending av giro vil det bli lagt til eit gebyr, for tida kr.55.-

Health services

The municipality offer various health services such as public health center, medical center, school health services and physiotherapy.

Visiting address to medical senter and public health center in Gol:
Gamlevegen 4

Opening hours:
Weekdays 08.00 - 15.30, monday,wednesday,thirsday and friday.
Thuesday the opening hours are 09:00 -15:30.
Phone 32 02 92 00

If you are in need of medical help in the evening/night call 116 117

 

Dr.Feets kontor

Sentrumsvegen 101, 3550 GOL Telefon: 32 07 51 40 Fax 32 07 56 08 Mobil: 92 09 94 29

Frikort for helsetenester

Frå 2017 slepp du å søkje om frikort for helsetenester

Frikort for eigenandelstak 2 er automatisert frå 1. januar 2017. Frå denne datoen slepp du å søkje om frikort for helsetenester. Det kjem automatisk i posten innan tre veker etter at eigenandelstaket på 1 990 kroner er nådd. 
Det finns to frikortordningar i Norge, ein for eigenandelstak 1 og ein for eigenandelstak 2. Dei gjeldt for ulike tenester. Har du fått frikort i den eine ordninga, kan du ikkje nytte det i den andre ordninga. Ordninga med frikort eigenandelstak 1 er allerede automatisert, og frå nyttår vart også ordninga for frikort eigenandelstak 2 automatisert.
I frikort eigenandelstak 2 inngår eigenandel for:
• undersøkelse og behandling hjå fysioterapeut med driftstilskot eller fastlønna fysioterapeut i kommunen
• enkelte former for tannbehandling
• opphald ved rehabiliteringsinstitusjonar som har driftsavtale med regionalt helseføretak
• behandlingsreiser til utlandet i regi av Oslo universitetssykehus - Rikshospitalet


Dette er nytt fra 1. januar 2017

• Du får frikort eigenandelstak 2 utan å søkje om det. Det kjem automatisk i posten innan tre veker etter at eigenandelstaket er nådd.
• Eigenandelstaket for frikort eigenandelstak 2 for 2017 er 1990 kr.
• Har du betalt for mykje, blir beløpet du har krav på automatisk betalt tilbake.
• Aldersgrensa for eigenandelsfritak er heva frå 12 til 16 år.
• Alle pasientar må betala eigenandel for behandling hjå fysioterapeut - unnateke barn under 16 år og personar med yrkesskade. Dette vart vedteke av Stortinget ved behandlinga av statsbudsjettet for 2017.
• Du kan sjølv fylgje med på dine registrerte eigenandelar ved å logge inn på helsenorge.no.

Frikort eigenandelstak 1 – nytt eigenandelstak for 2017: 2 205 kroner
I frikort eigenandelstak 1 inngår eigenandelar frå lege, psykolog, poliklinikk (sjukehus), røntgeninstitutt, pasientreiser og medisinar og utstyr på blå resept.
Dette frikortet får du automatisk i posten innan tre veker når du har betalt over 2 205 kroner i eigenandelar i 2017.

Mer informasjon på finn du på helsenorge.no/frikort

Aktuelle linkar

Fastlegeordninga

Helsedirektoratet

Lov om kommunale helse-og omsorgstjenester

Lov om pasientrettigheter

Forskrift om kommunenes helsefremmende og forebyggende arbeid

Lov om helsepersonell

Kommunelegekontoret

Besøksadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Telefon: 32 02 92 00

Kontaktperson: Legevakt

Telefon: 116 117

Kontaktperson: Øyeblikkelig hjelp

Telefon: 113