vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Gol helsetun

Avlastning

Retten til avlastningstiltak gjeld alle med særleg tyngande omsorgsoppgåver. Avlastninga skal gjere det mogleg for omsorgsytaren å oppretthalde gode familierelasjonar, bevare sosiale nettverk og gje moglegheit for nødvendig og regelmessig fritid og ferie. Både den som gir og den som mottar avlastning skal takast med i planlegginga.

Tenesta kan tildelast som

  • privat avlastning
  • opphald i kommunal avlastningsbustad
  • avlastning i institusjon

Avlastningstiltak er gratis.

Dagsopphald for eldre

Dagopphald er eit omsorgstilbod til eldre heimebuande personar som treng eit aktivitetstilbod og eit sosialt samvær med andre.

Dagopphaldet skal bidra til at brukaren kan fortsette å bu heime. Det er Gol helsetun som er ansvarleg for denne tenesten.

For dagopphald er betalinga ein eigenandel. Størrelsen på eigenandelen vert fastsatt årlege gjennom statsbudsjettet.

  • Mat - eigenandel på dagsenter kr. 150,-

Dette er ikkje ei lovpålagt teneste.

 

Kortidsopphald på Gol helsetun

Korttidsopphald i sjukeheim er eit tilbod for eldre med samansett helseproblematikk. Varigheiten av opphaldet vert vurdert ut i frå den enkelte sitt behov. Under opphaldet får ein tverrfagleg hjelp eller rettleiing til å ivareta daglege behov. Mange treng også opptrening av eit eller fleire funksjonsområder. Det skal føreligge ein klar målsetjing for opphaldet.

Søkjar må reise heim etter endt opphald, med mindre dette er uforsvarleg av helsemessige årsaker. Denne vurderinga tek eit tildelingsteam.

Eigenandel

For dagopphald betalast det ein eigenandel. Størrelsen på eigendelen vert fastsatt årleg gjennom statsbudsjettet.

  • Inntil kr. 155,- pr. døgn
  • Enkelt dagsopphald kr. 80.-
  • Enkelt nattopphald kr. 80.-

Langtidsopphald ved Gol helsetun

Eldre med alvorleg somatisk helsesvikt og/eller diagnosen demens, som har omfattande behov for medisinsk behandling, pleie og omsorg, kan søkje om langtidsplass ved Gol helsetun. Før ein søkjer om plass skal alle andre aktuelle hjelpetiltak, som f.eks medisinsk behandling, rehabilitering, omsorgsbolig, tilrettelegging med teknisk utstyr og andre tiltak i eigen heim, vere vurdert og prøvd.

Dei som vert tildelt eit langstidsopphald, skal betale ein viss andel av inntekta si (pensjon, renteinntekter og liknande). Det er ikkje høve til å kreve delar av formuen (fast eigedom, bankinnskudd, aksjar mv.) som betaling. Vederlagsforskrifta regularar størrelsen på betalinga.

Mattilbod til brukarar i bemanna omsorgsbustad

Liten middagsporsjon kr. 65.-
Stor middagsporsjon kr. 75.-
Kaker og kaffe kr. 25.-
Heilpensjon inkl. middag kr. 150.-

 

Praktiske opplysningar

Det må søkjast om alle typar opphald ved Gol helsetun. Det er eit tildelingsteam i kommunen som er ansvarleg for behandling av søknaden. Tildelingsteamet har retningsliner dei følgjer for å kvalitetssikre tenesten.

  

Søknadsskjema

 

Aktuelle linkar

Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester

Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstenester

Gol helsetun

Besøksadresse:

Helsetunvegen 1
3550 Gol

Posadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Telefon: 32 02 91 50

Kontaktperson: Linda Anderssen

Tittel: Avdelingsleiar

Telefon: 916 73 979