vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Tryggleiksalarm

Kvalifisert helsepersonell bemannar alarmsentralen 24 timar i døgnet. Tryggleiksalarm er eit teknisk hjelpemiddel som gjer at ein raskt kan setjast i kontakt med helsepersonell.

Tryggleiksalarmen ber ein på kroppen som "smykkesendar", og den skal brukast ved akutte behov der telefon ikkje er eit alternativ.

Alarmen koblar ein til telefonnettet og går direkte til alarmsentralen. Alarmmottak for Gol kommune ligg hjå Hjelp24 tryggheitsalarmteneste i Oslo.

Hjelp24 har kvalifisert helsepersonell som bemannar sentralen 24 timar i døgnet. Der vil dei vurdere nødvendige handlingar og videreformidle beskjedar til rett instans som f.eks pårørande, legevakt eller heimesjukepleien sin vakttelefon.

Tenesten kan tildelast som ein lovpålagt teneste etter sosialtenestelova eller som ein ikkje lovpålagt teneste etter forvaltningslova sine reglar.

Dersom tryggleiksalarm vurderast som ein teneste etter sosialtjenesteloven §4-3, jf. §4-2 a som nødvendig tilsyn, vil den vere ein lovpålagt teneste og komme inn under forskriftsreglane om eigenbetaling.

Dersom tryggleiksalarm blir tildelt ut over behovet for tenester etter sosialtjenesteloven 4-3, jf § 4-2 a, skjer dette med heimel i forvaltningslova, og kommunen kan kreve eigenandel for tenesten.

Kommunestyret har fastsatt ein eigenandel for tryggheitsalarm. Leige pr. månad er kr. 280,-

 

Praktiske opplysningar

Det må søkjast om tenesten. Eit tildelingsteam i kommunen er ansvarleg for behandling av søknaden og å fatte vedtak om tildeling av tryggheitalarm. Tildelingsteamet har retningsliner dei følgjer for å kvalitetssikre tenesten.

Lov om kommunale helse- og omsorgstenester

Tryggleiksalarm

Besøksadresse:

Helsetunvegen 1
3550 Gol

Posadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Kontaktperson: Vakttelefon heimetenesta

Telefon: 916 73 990

Kontaktperson: Ståle Tangen

Telefon: 916 73 993