vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Støttekontakt

Støttekontakt

Støttekontaktordninga er ei teneste som skal hjelpa den einskilde til ei meiningsfull fritid eller kan gje råd om gjeremåla i dagleglivet.

Tyngdepunktet i oppgåvene til støttekontakten ligg i kontakt og støtte etter brukaren sine ønske.

Støttekontaktverksemda vert utøvd av privatpersonar utan spesiell fagbakgrunn.

 

Støttekontakt er gratis

Lov om kommunale helse-og omsorgstjenester §3-2, nr.6 bokstav b

 

Kriterium for tildeling av støttekontakt

behovet blir vurdert etter lov om kommunale helse- og omsorgstjenester §3-2 nr. 6 bokstav b) støttekontakt

  • brukaren må forplikte seg til å halde avtalar og følgje plan for oppdraget
  • timane skal brukast til deltaking på kultur og fritidsaktivitetar, nettverksbygging, opplevingar og eigenaktivitet
  • støttekontakt blir som hovudregel ikkje innvilga til personar under 8 år, da denne gruppa sjelden har eit sjølvstendig kultur og fritidsliv, uavhengig av føresette
  • personar med forsørgjaransvar, ektefelle eller sambuar, søsken eller andre nære pårørande skal ikkje vere støttekontakt for brukaren
  • personar med 1:1 bemanning, får som hovudregel ikkje innvilga støttekontakt.

Vil du vere støttekontakt?

Ein støttekontakt hjelper eit anna menneske til å kunne utfalde seg betre, meistre ulike livssituasjonar, og få meir tru på seg sjølv gjennom samvær og aktivitetar over tid.

Ein støttekontakt må

  • vera over 18 år
  • vera interessert i å arbeide med menneske
  • vera stabil og påliteleg
  • ha evne til samarbeid
  • kunne sette grenser

Det kan vera ein fordel å disponere bil, men det er ikkje eit vilkår.

Menneske som har behov for støttekontakt er ulike og har ulike behov, difor må også støttekontaktane vera ulike. Alder, kjønn, personlegdom og interesser er avgjerande når vi skal kople rett støttekontakt og brukar.

Kven har behov for støttekontakt?

  • Barn, ungdom og vaksne med sosiale, og/eller psykiske problem
  • Menneske med rusproblem
  • Fysisk funksjonshemma
  • Innvandrarar
  • Psykisk utviklingshemma
  • Barn i forebyggjande barnevern

Hovudmålet til ein støttekontakt

Hovudmålet med støttekontakt er å gi den enkelte brukar hjelp til å utnytte fritida på ein positiv og meiningsfull måte. Avhengig av brukarens behov, ønsker og interesser kan støttekontakten nyttast til individuelt samvær eller som ein brubyggar til fritidsaktivitetar eller andre menneske. Å vera støttekontakt inneber å vera medmenneske, vera positiv, aktiv, kreativ og kanskje litt idealistisk. Støttekontakt skal ikkje vera behandler/terapeut eller "bestevenn".

Søknadsskjema

Søknadsskjema for støttekontakter

Løn m.m.

Oppdrag som støttekontakt er lønna frå kr. 105,89 pr. time til kr. 130,41 pr. time avhengig av ansienniteten til vedkommande. Støttekontaktene får i tillegg dekka utgiftene sine med inntil kr. 250,- pr. månad mot dokumentasjon, og kilometergodtgjersle med inntil 300 km pr.månad. Støttekontakt får tilbod om rettleiing og oppfølging. Støttekontakt har teieplikt, og må skrive under på teieplikt. Støttekontakter som skal jobbe med barn/ungdommar må ha politiattest.

Kven treng vi?

  • Vi treng vanlege folk
  • Menn og kvinner
  • Eldre
  • Yngre
  • Vi treng deg som er sporty
  • Vi treng deg som ikkje er sporty
  • Likar kino, musikk, kunst og handarbeid
  • Likar fotball og svømming
  • Likar shopping og kafebesøk
  • Vi treng deg som er flink til å lytte
  • Har forståing for andres ulike behov og reaksjonar
  • Kan sjå menneske som dei er bak fasadane
  • Har eit opent hjarte
  • Har respekt for eigne og andres meininger
Støttekontakt

Besøksadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Posadresse:

Helsetunvegen 1
3550 Gol

Kontaktperson: Emelie A Bøe

Tittel: Fagkonsulent

Telefon: 32 02 91 65/916 73 994