vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Praktisk bistand og opplæring i heimen - heimehjelp

Kommunen tilbyr praktisk bistand og opplæring til dei som har eit særleg hjelpebehov på grunn av sjukdom, funksjonshemming, alder eller andre årsaker.

Praktisk bistand

Formålet er å yte hjelp til dagleglivets praktiske gjeremål i heimen og i tilknytning til hushaldninga. Tenesta vert ytt i tenestemottakarens heim og kan bestå av:

  • reinhald
  • hjelp til vask av tøy
  • sengeskift
  • hjelp til innkjøp av daglegvarer frå nærast butikk

Reinhald inneber vask av rom som er i dagleg bruk, støvsuging, golvvask enkel støvtørking og vask av sanitær. Den som får praktisk bistand må ikkje røykje når tilsette er tilstades. Det vert krevd eigenandel for praktisk bistand.

Det blir ikkje gjeve praktisk bistand til bl.a.:

  • storreingjering/rundvask
  • reingjering av teppe ut over støvsuging
  • reingjering av rom ein ikkje nyttar
  • rydding eller vasking av kjeller eller loft
  • pussing av vindu
  • vask av altan/terrassar
  • pussing av sølv, kobbar og messing
  • hogge/bere ved
  • hagearbeid/plenklipping
  • stell av dyr
  • anna førefallande arbeid

 

Det blir ikkje gjeve praktisk bistand på helligdagar.

 

Praktisk opplæring

Gjeld opplæring dagliglivets gjeremål. Formålet er å gjere den enkelte mest mogleg i stand til å klare seg i kvardagen. Det kan for eksempel vere opplæring i personleg stell og eigenomsorg.

Praktiske opplysningar

Det må søkjast om tenesta. Eit tildelingsteam i kommunen er ansvarleg for behandling av søknaden og å fatte vedtak om tildeling av praktisk bistand og opplæring (heimehjelp). Tildelingsteamet har retningsliner dei følgjer for å kvalitetssikre tenesten.

Forskrift om kvalitet og pleie

Kommunen kan kreve betaling for nokre sosiale tenester, men ikkje for hjelp til eigenomsorg og personleg stell. Det er vedteke ein eigen forskrift om betaling for sosiale tenester som vert gjeve utanfor institusjon.



Eigenandel

 

Heimehjelp

Beløpsgrense Timesats Maks pr.mnd.
Inntil 2G makssats   kr.190.-
Mellom 2G - 3G kr.400.- kr.800.-
Mellom 3G - 4G kr.400.- kr.1600.-
Mellom 4G - 5G kr.400.- kr.2400.-
Over 5G kr.400.- kr.2800.-

Dersom timesats kjem mest gunstig ut for brukar vil kostnaden bli berekna ut frå antal timar. Når kommunen skal fastsetje betalingssats for brukar, går ein ut ifrå husstandens samla nettoinntekt før særfrådrag ved siste likning.

Innkrevinga av eigenbetalinga skal skje i samsvar med reglar frå Helse- og omsorgsdepartementet.

Vaktmeister - nødvendig snømåking eller funksjonell tilrettelegging i huset

Ved behov kan kommunen vurdere hjelp til funksjonell tilretteleging i huset og nødvendig snømåking.

Inntil 2G kr. 190,- pr. time

Over 2G kr. 400,- pr. time

Søknadsskjema for helse- og omsorgstenester

Praktisk bistand og opplæring i heimen

Besøksadresse:

Helsetunvegen 1
3550 Gol

Posadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Telefon: 32 02 91 50

Kontaktperson: Olveig Engene

Tittel: leiar tildelingsteamet

Telefon: 916 73 943

Kontaktperson: Bente Mølster

Tittel: Sakshandsamar heimetenester

Telefon: 916 73 996