vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Personleg assistent

Brukarstyrt personleg assistent (BPA)

BPA er alternativ organisering av praktisk og personleg assistanse til funksjonshemma der personen sjølv er arbeidsleiar for sine personlege assistentar.

Den funksjonshemma kan i prinsippet styre kven han/ho vil ha som assistent, kva assistenten skal gjere, kvar og til kva tider assistansen skal bli gitt.

Målet med brukarstyrt personleg assistanse er å bidra til at funksjonshemma får eit aktivt og mest mogleg uavhengig liv.

Kommunen pliktar å gje opplæring i rolla som arbeidsleiar. Assistenten kan vere tilsett i kommunen i eit andelslag eller av brukaren sjølv. Det er kommunen som bestemmer kor assistenten skal vere tilsett.

Ein betalar ikkje eigedel for denne tenesten. Dersom assistenten også utfører praktisk bistand (reingjering og liknande) eller andre tenester som det vanligvis betalast for, kan ein kreve eigenandel for desse tenestene.

 

Praktiske opplysningar

Det må søkjast om tenesten. Eit tildelingsteam i kommunen er ansvarleg for behandling av søknaden og å fatte vedtak om tildeling BPA. Tildelingsteamet har retningsliner dei følgjer for å kvalitetssikre tenesten. Dersom du trener hjelp til å søkje kan du kontakte kommunen for å få hjelp, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på vegne av deg, må vedkomande ha fullmakt.

 

Klage 

Klage på vedtaket skal sendast innan ein frist på tre veker frå vedtaket vart motteke. Klaga skal sendast til den instansen som har fatta vedtaket. I klaga skal det opplysast om kva ein ønskjer endra i vedtaket og ei grunngjeving for dette. Kommunen vil hjelpe til med å skrive klaga. Før klaga blir send til klageinstansen, skal den instansen i kommunen som fatta vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket står ved lag, vil saka bli send til klageinstansen for klagebehandling. Det blir sendt tilbakemelding om utfallet av klagebehandlinga.

 

Aktuelle linkar

Uloba, andelslag for borgerstyrt personleg assistanse

Lov om kommunale helse- og omsorgstenester m.m § 3-8

Lov om pasient- og brukerrettigheter kap. 7 (Klage)

Personleg assistent

Besøksadresse:

Helsetunvegen1
3550 Gol

Posadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Telefon: 32 02 91 50

Kontaktperson: Emelie Anttonen Bøe

Tittel: Fagkonsulent for funksjonshemma

Telefon: 32 02 91 65/916 73 994