vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Omsorgsstønad

Personar som har eit sæleg tyngande omsorgsarbeid, kan tildelast omsorgstønad (tidlegare kalt omsorgsløn). Den blir gitt utan omsyn til alder, funksjonsnedsetting eller sjukdom hos den som mottek omsorgen. Kommunen vil avgjere om omsorgstønad skal bli gitt, og kva for nivå stønaden skal liggje på. Kommunen kan ved utmåling av omsorgsstønad ta omsyn til om den omsorgstrengande mottek hjelpestønad og/eller andre tenester. Hjelpestønad blir gitt til den omsorgstrengande, omsorgsstønad til omsorgsytaren.

Forhold til hjelpestønad

Omsorgsstønad blir gitt uavhengig av familens økonomi, men kommunen kan samordne omsorgsstønad med folketrygdas hjelpestønad. Ein kan kreve at det vert søkt om hjelpestønad før omsorgsstønad blir innvilga, eller ved å redusere omsorgsstønad med hjelpestønadens beløp. Det er Nav som handsamar søknader om hjelpestønad.

 

Praktiske opplysningar

Det må søkjast om tenesta. Eit tildelingsteam i kommunen er ansvarleg for behandling av søknaden og å fatte vedtak om tildeling av omsorgsstønad. Tildelingsteamet har retningsliner dei følgjer for å kvalitetssikre tenesten.

Rundskriv I 42/98 om omsorgsstønad

Omsorgsstønad

Besøksadresse:

Helsetunvegen 1
3550 Gol

Posadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Telefon: 32 02 91 50

Kontaktperson: Emelie Anttonene Bøe

Tittel: Konsulent for funksjonshemma

Telefon: 32 02 91 65/916 73 994