vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Heimetenester

Helsehjelp i heimen

Helsehjelp i heimen er ei døgnkontinuerleg teneste som ytes til personar som bur heime og har behov for nødvendig helsehjelp.

Tenesten kan for eksempel vere
  • sårbehandling
  • smertebehandling
  • personleg hygiene
  • medisionoppfølging
  • observasjon av sjukdomsutvikling
  • omsorg ved livets slutt.

Heimesjukepleien samarbeidar med lege, fysioterapeut, ergoterapeut og andre ordningar.

Ordninga er behovsprøvd slik at det kun er personar med særskilte behov som vil få ordninga innvilga.

Søknadsskjema for helse- og omsorgstenester

 

Matombringing

Tilbod om matombringing kan bli gitt personar som treng hjelp til å ivareta sitt ernæringsbehov. Middagen vert laga på sjukeheimen og levert ut av frivillige.

Frivillighetssentralen køyrer ut ferdig oppvarma mat alle vekedagar

Matombringing er finansiert ved eigenbetaling med faste prisar pr. porsjon. Kommunestyret vedtek satsane for eigenbetaling.

Matombringing - levering av mat
Middag - heimebuande (hovudrett med suppe eller dessert)

Porsjonar Pris pr. stk
Vanleg porsjon kr.75.-
Liten porsjon kr.65.-

Dette er ikke ei lovpålagt teneste.

Søknadsskjema for helse- og omsorgstenester

 

Brukarsturt personleg assistent (BPA)

BPA er alternativ organisering av praktisk og personleg assistanse til funksjonshemma der personen sjølv er arbeidsleiar for sine assistentar.

Den funksjonshemma kan i prinsippet styre kven han/ho vil ha som assistent, kva assistenten skal gjere, kvar og til kva tider assistansen skal bli gitt.

Målet med brukarstyrt personleg assistanse er å bidra til at funksjonshemma får eit aktivt og mest mogleg uavhengig liv.

Kommunene pliktar å gje opplæring i rolla som arbeidsleiar. Assistenten kan vere tilsett i kommunen i eit andelslag eller av brukaren sjølv. Det er kommunen som bestemmer kor assistenten skal vere tilsett.

Ein betaler ikkje eigenandel for denne tenesten. Dersom assistenten pgså utfører praktisk bistand (reingjering og liknande) eller andre tenester som det vanlegvis betalast for, kan ein kreve eigenandel for desse tenestene.

 

Praktisk bistand

Kommunen tilbyr praktisk bistand og opplæring til dei som har eit særleg hjelpebehov på grunn av sjukdom, funksjonshemming, alder eller andre årsaker

Formålet er å yte hjelp til dagleglivets praktiske gjeremål i heimen og i tilknytning til hushaldninga. tenesta vert ytt i tenestemottakarens heim og kan bestå av:

  • reinhald
  • hjelp til vask av tøy
  • sengeskift
  • hjelp til innkjøp av daglegvarer frå næraste butikk

Reinhaldet inneber vask av rom som er i dagleg bruk, støvsuging, golvvask, enkel støvtørking og vask av sanitær. Den som får praktisk bistand må ikkje røykje når tilsette er til stades. Det vert krevd eigenandel for praktisk bistand.

  • Det blir ikkje gjeve praktisk bistand til bl.a:
  • storreingjering/rundvask
  • reingjering av teppe ut over støvsuging
  • reingjering av rom ein ikkje nyttar
  • rydding eller vasking av kjeller eller loft
  • pussing av vindu
  • vask av altan /terassar
  • pussing av sølv, kobber og messing
  • hogge/bere ved
  • hagearbeid/plenklipping
  • stell av dyr
  • anna førefallande arbeid

Det blir ikkje gjeve praktisk bistand på helligdagar

Praktisk opplæring

Gjeld opplæring i dagleglivets gjeremål. Formålet er å gjera den enkelte mest mogleg i stanf til å klare seg i kvardagen. Det kan for eksempel vere opplæring i personleg stell og eigenomsorg.

Kommunen kan kreve betaling for nokre sosiale tenester, men ikkje for hjelp til eigenomsorg og personleg stell. Det er vedteke ein eigen forskrift om betaling for sosiale tenester som vert gjeve utanfor institusjon.

Eigenandel heimetenester

Heimehjelp
Beløpsgrense Timesats Maks pr.mnd
Inntil2G/makssats   kr.200.-
Mellom 2G - 3G kr.400.- kr.800.-
Mellom 3G - 4G kr.400.- kr.1600.-
Mellom 4G - 5G kr.400.- kr.2400.-
over 5G kr.400.- kr.2800.-

 

Dersom timesats kjem mest gunstig ut for brukar vil kostnaden bli berekna ut frå antal timar. Når kommunen skal fastsetje betalingssats for brukar, går ein ut frå husstandens samla nettoinntekt før særfrådrag ved siste likning.

Innkreving av eigenbetaling skal skje i samsvar med reglar frå Helse- og sosialdepartementet

.

 

Vaktmeister - nødvendig snømåking eller funksjonell tilrettelegging i huset

Inntil 2G kr.190.- pr.time

Over 2G kr.400.- pr.time

 

Tryggleiksalarm

Kvalifisert helsepersonell bemannar alarmsentralen 24 timar i døgnet. Tryggleiksalarm er eit teknisk hjelpemiddel som gjer at ein raskt kan setjast i kontakt med helsepersonell.

tryggleiksalarmen ber ein på kroppen som "smykkesendar", og den skal brukast ved akutte behov der telefon ikke er eit alternativ.

Alarmen koblar ein til telefonnettet og går direkte til alarmsentralen. Alarmmottak for Gol kommune ligg hjå hjelp24 tryggheitsalarmteneste i Oslo.

Hjelp24 har kvalifisert helsepersonell som bemannar sentralen 24 timar i døgnet.Der vil dei vurdere nødvendige handlingar og videreformidle beskjedar til rett instans som f.eks. pårørande, legevakt eller heimesjukepleien sin vakttelefon.

Tenesten kan tildelast som ein lovpålagt teneste etter sosialtenestelova eller som ein ikkje pålagt teneste etter forvaltningslova sine reglar.

Dersom tryggleiksalarm  vurderast som ei teneste etter sosialtenesteloven §4-3 jf §4-2a som nødvendig tilsyn, vil den vera ei lovpålagt teneste og koma inn under forskriftsreglane om eigenbetaling.

Dersom tryggleiksalarmen blir tildelt utover behovet for tenester etter sosilatenesteloven §4-3, jf.§4-2a. skjer dette med heimel i forvaltningslova, og kommunen kan kreve eigenbetaling for tenesten.

Kommunestyret har fastsett ein eigenandel for tryggleiksalarm. Leige pr. månad er kr.280.-.



Praktiske opplysningar

Det må søkjast om tenesta.
Eit tildelingsteam i kommunen er ansvarleg for behandling av søknaden og å fatte vedtak om tildeling av tryggheitsalarm. Tildelingsteamet har retningsliner dei følgjer for å kvalitetssikre tenesta.

Aktuelle linkar

Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m

Praktisk bistand og opplæring i heimen

Besøksadresse:

Helsetunvegen 1
3550 Gol

Posadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Telefon: 32 02 91 50

Kontaktperson: Olveig Engene

Tittel: leiar tildelingsteamet

Telefon: 916 73 943

Kontaktperson: Bente Mølster

Tittel: Sakshandsamar heimetenester

Telefon: 916 73 996