vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Tilpassingstilskot til bustaden

Dersom du treng økonomisk støtte til å tilpasse bustaden din for fortsatt å kunne bu der, kan du no søkje kommunen om økonomisk støtte til dette.

Fleire eldre og personar med funksjonsnesettelse ynskjer å bu heime i eigen bustad så lenge som mogleg. Tilskot til tilpassing kan i mange tilfelle vere eit viktig virkemiddel for å få dette til.

Tilskotet er ein offentleg støtteordning som kan bidra til at du kan bli buande i bustaden din, sjølv om du har nedsett funksjonsevne. Ein kan søkje om støtte til enkle tiltak, som å fjerne tersklar for å betre tilkomsten til bustaden. Til større ombyggingar kan dere søkje om å få tilrettelagt bustaden i forhold til brukaren sin funksjonshemming. Familiar med funksjonshemma born er høgt prioritert ved tildeling av tilskotet

Kommunane vil ikkje bruke absolutte inntektsgrenser i slik saker. Den økonomiske behovsprøvinga skal gjerast ut i frå ei heilheitsvurdering av husstanden sin økonomiske situasjon på sikt. Dette skjer etter at tilpassingstiltaket gjennomført.

Startlån

Besøksadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Kontaktperson: Økonomiavdelinga

Telefon: 32 02 90 00