vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Startlån

Startlån er eit finansieringstilbod for dei som ikkje får bustadlån i den vanlege lånemarknaden.

Kven kan få startlån?

  • økonomisk vansklegstilte husstandar
  • barnefamiliar
  • einslege forsørgjarar
  • personar med funksjonshemming
  • flyktningar
  • personar med opphald på humanitært grunnlag (også personar som ikkje er norske statsborgarar kan søkje)

Kva kan startlånet brukast til?

  • kjøpe ny eller brukt bustad -det mest vanlege er at privat bank finansierar deler av bustaden
  • refinansiering av dyre lån for å oppretthalde buforholdet
  • til utbetring
  • til tilpassing ved nedsett funksjonsevne
  • bygging av bustad
  • til toppfinansiering

Kva må til for å få lån?

Søkjaren må kunne betale renter og avdrag på lånet og samtidig ha nødvendige midlar att til livsoppphald.

  • bustaden må vere egna for husstanden og rimeleg i forhold til prisnivået på staden der du skal bu
  • ein hovudregel er at bustaden skal liggje i den kommunen som gjer lån

Elektronisk søknad for startlån frå 4.mai

Husbanken har utvikla ei ny elektronisk løysning for startlån og tilskot som gjer det enklare å søkje. Tenesten vart lansert som pilotprosjekt i sju kommunar 1.februar i år. Frå 4.mai vert den tilgjengeleg for alle kommunane i landet.
Ved å nytte lenkene under søknadsskjema vil du finne nyttig informasjon og få alle oppdateringar.

Søknadsskjema

Informasjon frå Husbanken.  
Det er kommunen som tek imot og behandlar søknader som startlån.

Søknadsskjema (utskriftsskjema)
Elektronisk skjema

Etableringsgebyr for startslån er kr. 1750,- pr. sak

Startlån

Besøksadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Kontaktperson: Økonomiavdelinga

Telefon: 32 02 90 00