vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Omsorgsbustader

Bygg og drift

Besøksadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Telefon: 32 02 90 00

Kontaktperson: Aud Ågotnes Eiklid

Tittel: Ansvarleg for bustaden

Telefon: 924 15 482

Kontaktperson: Olveig Engene

Tittel: Ansvarleg for tildeling

Telefon: 916 73 943

Ein omsorgsbustad er ein tilrettelagt bustad som skal bidra til at bebuaren skal kunne bu i eigen heim så lenge det er mogleg - gjerne livet ut.

Tilbodet om omsorgsbustad er ikkje lovpålagt dvs. at ein har noko rettskrav på å få tildelt omsorgsbustad. Ein omsorgsbustad er bebuaren sin eigen heim og det følgjer ikkje heimetenester med bustaden. Det medføre at alle bebuarane i omsorgsbustad må søkje om ordinære heimetenester (heimehjelp, heimesjukepleie og matombringing) etter behov.

Ved prioritering av kven som skal få tilbod om omsorgsbustad blir det foreteke ein heilheitsvurdering av søkjarens busituasjon og behov for bistand. Eit tildelingsteam i kommunen er ansvarleg for behandling av søknaden og å fatte eit vedtak om tildeling av omsorgsbustad. For å sikre at vi tildeler omsorgsbustad til dei som treng det, vurderar vi nøye om søkjar er i stand til å skaffe seg bustad sjølv. Det skal vere vurdert andre bustadsløysingar, slik som utbetring av eksisterande bustad eller kjøp/leige av bustad på det åpne marked. Det er mogleg å søkje grunnlån (utbedringstilskot/-lån) i Husbanken. Dette er behovsprøvd.

Omsorgsbustadane i Gol kommune er utleigebustader. Utleigar er avdelinga bygg og drift i Gol kommune. Tenestemottakarar som får tilbod om omsorgsbustad inngår derfor eit leigeforhold med avdelinga bygg og drift.

Trygde- og omsorgsbustader- husleige

Pris trygdebustader
Namn Husleige pr. månad
Breidokkvegen 36 kr. 3 660,-
Elgfaret 4 a - c kr. 4 620,-
Gymnasvegen 4 b kr. 5 815,-
Helsetunvegen 6 kr. 5 815,-
Helsetunvegen 8 kr. 5 815,-
Helsetunvegen 10 kr. 5 815,-
Helsetunvegen 12 - 20 kr. 4 560,-
Pris omsorgsbustader
Namn Husleige pr. månad
Breidokkgutu 6 og 8 kr. 5 815,-
Furuvegen 13 kr. 5 815.- 
Helsetunvegen 2, 30, 32, 38 og 40 kr. 5 815,-
Helsetunvegen 24 og 26 kr. 4 620,-
Helsetunvegen 34, 36, og 42 kr. 4 620,-
Rundingen 9 a og d kr. 5 220,-
Rundingen 9 c kr. 5 440,-
Rundingen 11 kr. 5 815,-
Torsdadvegen 16 og 18 kr. 5 815,-

Kriteriar for tildeling

Brukaren har helsesvikt, eller er fysisk / psykisk funksjonshemma og dagens bustad er

lite funksjonell: 

  • Bustaden kan føre til ny- eller vidareutvikle ein allereie helsesvikt.
  • Bustaden gir lite rom / moglegheit for mobilisering og utnytting av fasilitetar.
  • Bustaden gir lite rom / moglegheit for utnytting av eigen omsorgsressurs.
  • Bustaden gir lite rom for tekniske hjelpemiddel / innretningar.
  • Bustadsituasjonen aukar omsorgsbehovet og dermed overforbruk av personalressursar.
  • Bustadsituasjonen gir vanskeleg arbeidsforhold for hjelpepersonell.

Brukaren bur hos foreldre / pårørande og desse har gitt omsorg som dei no ikkje

ynskjer / ikkje er i stand til å vidareføre.

 

Bustadens eigeforhold, beliggenhet og utforming gjer det uaktuelt og setja i verk tiltak

med hensyn til forbetring / rehabilitering.