vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Barn, unge og vaksne med funksjonsnedsettingar

Gol arbeidssenter

Gol arbeidssenter er eit kommunalt dagsenter for menneskjer med psykisk utviklingshemming.
Arbeidssenteret er tilrettelagt som ein arbeidsplass med moglegheit for varierte oppgåver ut frå brukarens ressursar, behov og begrensningar. Arbeidssenteret har produksjon innan ved og tradisjonelle handverksaktiviterar slik som veving, strikking, lys, kort, toving, baking osv.
Produkta vert selt på dagsenteret.
Me tek imot bestilling på produkta våre.
Me tek og imot filler til veving.

Brukarstyrt personleg assistent (BPA)

BPA er alternativ organisering av praktisk og personleg assistanse til funksjonshemma der personen sjølv er arbeidsleiar for sine personlege assistentar.

Den funksjonshemma kan i prinsippet styre kven han/ho vil ha som assistent, kva assistenten skal gjere, kvar og til kva tider assistansen skal bli gitt.

Målet med brukarstyrt personleg assistanse er å bidra til at funksjonshemma får eit aktivt og mest mogleg uavhengig liv.

Kommunen pliktar å gje opplæring i rolla som arbeidsleiar. Assistenten kan vere tilsett i kommunen i eit andelslag eller av brukaren sjølv. Det er kommunen som bestemmer kor assistenten skal vere tilsett.

Ein betalar ikkje eigedel for denne tenesten. Dersom assistenten også utfører praktisk bistand (reingjering og liknande) eller andre tenester som det vanligvis betalast for, kan ein kreve eigenandel for desse tenestene.

Det må søkjast om tenesten. Eit tildelingsteam i kommunen er ansvarleg for behandling av søknaden og å fatte vedtak om tildeling BPA. Tildelingsteamet har retningsliner dei følgjer for å kvalitetssikre tenesten.

Støttekontakt

Støttekontaktordninga er ei teneste som skal hjelpa den einskilde til ei meiningsfull fritid eller kan gje råd om gjeremåla i dagleglivet.

Tyngdepunktet i oppgåvene til støttekontakten ligg i kontakt og støtte etter brukaren sine ønske.

Støttekontaktverksemda vert utøvd av privatpersonar utan spesiell fagbakgrunn. 

Støttekontakt er gratis. 

Kriterium for tildeling av støttekontakt

behovet blir vurdert etter lov om kommunale helse- og omsorgstjenester §3-2 nr. 6 bokstav b) støttekontakt

  • brukaren må forplikte seg til å halde avtalar og følgje plan for oppdraget
  • timane skal brukast til deltaking på kultur og fritidsaktivitetar, nettverksbygging, opplevingar og eigenaktivitet
  • støttekontakt blir som hovudregel ikkje innvilga til personar under 8 år, da denne gruppa sjelden har eit sjølvstendig kultur og fritidsliv, uavhengig av føresette
  • personar med forsørgjaransvar, ektefelle eller sambuar, søsken eller andre nære pårørande skal ikkje vere støttekontakt for brukaren
  • personar med 1:1 bemanning, får som hovudregel ikkje innvilga støttekontakt.

Kva er ledsagerbevis

Beviset gir funksjonshemma som er avhengig av ledsager for å ta del i fritids- og kulturarrangement/-aktivitetar høve til å ta med seg ein ledsager utan å betale for denne personen. Den funksjonshemma betalar sjølv ordinær billett.

Innehavaren av ledsagerbeviset kan bruke dette i Gol kommune ved alle kommunale kultur- og fritidsarrangement/-tiltak. Ved tildeling av ledsagerbevis vil det bli opplyst om kvar ordninga med ledsagerbevis gjeld. Ledsagerbeviset kan også brukast utanfor den kommunen du bur i, og det kan brukast på kollektivreiser. For meir informasjon ta kontakt med Mads Elbrønd som er kulturkonsulent på kulturavdelinga.

Tildeling

Personar som p.g.a. ein fysisk eller psykisk funksjonshemming er avhengig av ledsager på arrangement/aktivitet kan søke. Brukaren må vera registrert i folkeregisteret i Gol kommune. Det må søkjast på eige skjema, som skal sendast Gol kommune, tenestetorget. Søknadene vil bli behandla av Tenestetorget, som også sender ut ledsagerbevis til godkjente søkjarar.

Søknadskjema ledsagerbevis

Søknadskjema ledsagerbevis (utskriftsskjema)

Her kan du bruke ledsagerbevis i Gol:

  • Arrangement i regi av Gol kommune
  • Symjehallen i Gol samfunnshus
  • Klubb 1
  • Gol bygdemuseum
  • Gol reisemål As
  • Arrangement i regi av Gol idrettslag (unntatt arr. med servering)
  • Arrangement i regi av Gol spel-og dansarlag
  • Arrangement i regi av Hallingdal folkehøgskule
  • Arrangement i regi av Gol helselag
  • Arrangement i regi av Gol frivllighetssentral
  • Arrangement i regi av kyrkjemusikkomiteén
  • Arrangement i regi av Gol ungdomslag (ikkje kurs)

 

Transportteneste

Transporttenesta er ei fylkeskommunal teneste. Den tilbyr skyss med drosje frå dør til dør for innbyggjarar som har vesentlege vanskar med å bruke ordinær kollektivtransport. 

Det er innført ELEKTONISKE KORT som skal brukast i taxien. Beløpet som er innvilga til transporttenesta for den enkelte, blir programmert inn i kortet frå sentralt hald.

Søknadsfrist er 1. februar kvart år. Har du fått innvilga TT-teneste eit år treng du ikkje søkja på nytt neste år. TT-året varar frå 01.04 til 31.03 neste år.. Ein kan søke TT teneste heile året og dersom det er ledig kvote blir søknaden vurdert på lik linje med andre som eventuelt står på venteliste.

Ein må vera fylt 12 år for å få innvilga tenesta. Funksjonshemminga må ha ei varigheit på minst 12 månader. Alle som søkjer på TT - tenesta må sende med BILETE og LEGEERKLÆRING. Bilete treng ikkje vera passbilete.

Praktiske opplysningar

Søknadsskjema,legeerklæring og meir info om tenesta

Det må søkjast om tenesten. Eit tildelingsteam i kommunen er ansvarleg for behandling av søknaden og fattar vedtak om tildeling av Transportteneste for funksjonshemma

Parkeringsløyve for forflyttingshemma

Kommunen kan tildele parkeringsbevis som gir rett til å parkere på reserverte parkeringsplassar for funksjonshemma i heile landet på plassar som er merka med offentleg trafikkskilt.

Beviset gir rett til å parkere avgiftsfritt og utover lengste fastsette parkeringstid. Bevis blir gitt til personar som har ein bevegelseshemming og eventuelt til organisasjonar som transporterar bevegelseshemma.

Søknaden:

Søknaden skal sendast til Gol kommune, Gamlevegen 4,3550 Gol. Legeerkæring og bilete skal leggjast ved søknaden. 

Søknaden om parkeringsløyve vert handsama i tildelingsteam.

 

Klage:

Klage på vedtak sendast til Gol kommune Tenestetorget, Gamlevegen 4, 3550 Gol 

 

Forskrift om parkering for forflytningshemma

Orientering til deg som søker parkeringsløyve for forflytningshemma

Parkeringsløyve for forflytningshemma, søkand om (utskriftsskjema)

Legeerklæring

Helsehjelp i heimen

Helsehjelp i heimen er et døgnkontinerlig teneste som ytes til personar som bur heime og har behov for nødvendig helsehjelp.

Omsorgsløn

Personar som har eit sæleg tyngande omsorgsarbeid, kan tildelast omsorgsløn.

Avlastning

Retten til avlastning gjeld alle med særleg tyngande omsorgsoppgåver.

Åste og Hallvor Jondalen sitt legat

Legatet sitt formål er å tilgodesjå funksjonshemma personar som høyrer til Gol kommune. Legatet sine midlar kan brukast til:

  • Enkeltpersonar
  • Formål som kan komme fleire personar til gode

Legatet skal bli leia av eit styre på tre medlemmer; ordføraren og to valgte av kommunestyret for kommunestyrevalperioden.

Statuttar for Åste og Halvor Jondalen sitt legat

Fond, legat og støtte

Besøksadresse:

Helsetunvegen 1
3550 Gol

Kontaktperson: Kari Mæland

Tittel: Områdeleiar for funksjonshemma

Telefon: 916 73 976