vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Ledsagerbevis

Kva er ledsagerbevis

Beviset gir funksjonshemma som er avhengig av ledsager for å ta del i fritids- og kulturarrangement/-aktivitetar høve til å ta med seg ein ledsager utan å betale for denne personen.
Den funksjonshemma betalar sjølv ordinær billett.

Innehavaren av ledsagerbeviset kan bruke dette i Gol kommune ved alle kommunale kultur- og fritidsarrangement/-tiltak.
Ved tildeling av ledsagerbevis vil det bli opplyst om kvar ordninga med ledsagerbevis gjeld.
Ledsagerbeviset kan også brukast utanfor den kommunen du bur i, og det kan brukast på kollektivreiser.
For meir informasjon ta kontakt med Mads Elbrønd som er kulturkonsulent på kulturavdelinga.

Tildeling

Personar som p.g.a. ein fysisk eller psykisk funksjonshemming er avhengig av ledsager på arrangement/aktivitet kan søke, for meir info kan du sjå retningslinjer for ledsagerbevis.
Brukaren må vera registrert i folkeregisteret i Gol kommune.
Det må søkjast på eige skjema, som skal sendast Gol kommune, postmottak.
Søknadene vil bli behandla av kulturavdelinga, som også sender ut ledsagerbevis til godkjente søkjarar.

Søknadskjema ledsagerbevis

Søknadskjema ledsagerbevis (utskriftsskjema)

Her kan du bruke ledsagerbevis i Gol:

  • Arrangement i regi av Gol kommune
  • Symjehallen i Gol samfunnshus
  • Klubb 1
  • Gol bygdemuseum
  • Gol reisemål As
  • Arrangement i regi av Gol idrettslag (unntatt arr. med servering)
  • Arrangement i regi av Gol spel-og dansarlag
  • Arrangement i regi av Hallingdal folkehøgskule
  • Arrangement i regi av Gol helselag
  • Arrangement i regi av Gol frivllighetssentral
  • Arrangement i regi av kyrkjemusikkomiteén
  • Arrangement i regi av Gol ungdomslag (ikkje kurs)

 

Besøksadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Telefon: 320 29 000

Besøksadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Posadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Kontaktperson: Kulturavdelinga

Telefon: 32 02 90 00