vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Jordmorteneste

Svangerskapsomsorgen i Gol kommune er eit samarbeid mellom jordmor ved Gol helsestasjon og legane ved Gol legekontor og privatpraktiserande lege i Gol Svangerskapskontrollar etter statlege retningslinjer og individuelt tilpassa.

Jordmorvakt

Det er vaktsamarbeid mellom jordmødrene i Hemsedal, Gol, Ål og Hol. Det vil vera jordmor tilgjengeleg 24t i døgnet, og legevakta har oversikt over vakthavande jordmor til ei kvar tid. Treng du prate med jordmor på vakt, ta kontakt med legevakta på 116 117

Rutiner for svangerskapskontroll

Oversiktstabell

Veke

Kontroll

Type kontroll

veke

8-12

Lege

veke

14-16

Jordmor

veke

18

Ultralyd

veke

24

Jordmor

veke

28

Lege

veke

32

Jordmor

veke

36

Jordmor

veke

38

Lege

veke

40

Jordmor

veke

41

Jordmor

veke

42

Overtid på fødeavdelinga

Dersom det blir behov blir det lagt inn fleire kontrollar og dere tar kontakt med lege/jordmor dersom dere føler for det utanom dei faste kontrollane.

Timebestilling

Time hjå kommunelegen 32 02 92 00 Dr. Feet 32 07 51 40 Gol helsestasjon 32 02 92 15

Gravide må ta med morgonurinprøve for alle konsultasjonar.

Ultralyd

Alle gravide får tilbod om ultralyd undersøkelse i savngerskapet, i veke 17-19. Legen sender søknad om time etter fyrste legebesøk. Dere får tilsendt time frå Ringerike sjukehus og det er ultralydjordmødrene som utfører screeningen. Ultralydscreeningen er eit frivillig tilbod. Dere får med skjema som skal følge helsekortet.

Helsekort for gravide

Helsekortet er eit viktig dokument, der opplysninger om graviditet er ført, og opplysningar som er relevante for svangerskapet og fødselen. Helsekortet er deres dokument som dere har med til kontroll hjå jordmor, lege, ultralyd og til fødeavdelinga.

Blodprøver

Ved fyrste besøk hjå lege blir det tatt ein del viktige blodprør. Blodtype, antistoffer, HIV og lues(syflis, det er lovpålagt i Norge). Svaret får dere tilsendt eller ved neste besøk hjå lege. For dere som er Rh. neg. blir det tatt kontrollprøver i veke 28 og 36. Desse dokumneta skal du oppbevara saman med helsekortet.

Obs! ved kontroll hjå legen vennligst kom 10.min før timen til blodprøvetaking og levering av urinprøve.

Svangerskapskurs

Gol helsestasjon tilbyr svangerskapskurs/tematreff med jevne mellomrom. Alle vorderande foreldre får tilbod om å delta. Me ønsker både far og mor velkomne. Tema om fødsel og det å bli foreldre, mamma og pappakveld. Fysisk aktivitet blir på kveldstid, amming på dagtid. Kurset er kombinasjon av informasjon og samtaler med følgjande emner

  • fødsel -barseltid - amming
  • det å bli mor og det å bli far
  • å bli familie med barn - søsken
  • å være par før og etter fødselen
  • avspenning
  • fysiske aktiviteter i svangerskapet

Kurshaldarar er helsesøster, jordmor og fysioterapeut.

Trening i varmtvannsbasseng (på vinterstid)

Tirsdagar kl.13.30 - 14.30 og 15.00 - 16.00. Sted. Elverhøy Nesbyen Påmelding til Arnhild Ødegård tlf. 32 02 92 24/916 73 966 eller e-post eller Åse Frøysok tlf. 32 02 92 25/916 73 942 eller e-post Mulighet for felleskøyring.

Heimebesøk

Jordmor kjem på heimebesøk til alle i løpet av 3-4 døgn etter heimkomsten. Helsesøster kjem innan 2 veker etter heimkomsten.. Den fyrste kontrollen for barnet på helsestasjon er 6 veker etter fødselen. Der møter du både lege og helsesøster. Helsestasjonsdager med lege er torsdagar.

Etterkontroll

Etterkontrollen for mor er 6 - 8 veker etter fødselen. Bestill time hjå egen lege og hugs å ha med urinprøve.

Utstyr til leige

Elektriske brystpumper, eingangssett må kjøpast. Vannpumpe.

Ettertreff - Barselgrupper

Alle som har født blir inviterte til ei samling med barna på helsestasjonen. Noko me håper blir starten til barselgrupper som dere tek ansvaret for å drive vidare. Målsettinga er å styrke nettverket til spedbarnsforeldre.

Fødeavdelingar:

Ringerike sykehus
Tlf. 32 11 60 00

Sykehuset Buskerud Drammen
Tlf. 32 80 30 00

Hallingdal sjukestugu
Tlf. 32 08 62 00

 

Aktuelle linkar:

Gravide

Svangerskap,fødsel og adopsjon

Graviditet og arbeidsmiljø

Jordmortenesta

Besøksadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Telefon: 32029215

Kontaktperson: Jordmor Sigurdis Ingimundardottir

Tittel: Jordmor

Telefon: 32 02 92 15/917 95 603