vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Helsestasjonen

 

Opningstider for helsestasjonen

Mandag til fredag frå kl.09.00 - 15.00.


Gratis HPV-vaksine til kvinner født i 1991 og seinare

Alle kvinner som er født i 1991 og seinare, får frå 1. november 2016 tilbod om gratis vaksine mot humant papillomavirius (HPV-vaksine) gjennom eit to-årig vaksinasjonsprogram. Meir info her.

 

Helsetilbod for barn og unge

Helsestasjon for barn 0 - 5 år

Helsestasjon arbeider for ein helsefremmande oppvekst og livsstil.

På helsestasjonen kan foreldre og føresette koma og få råd og rettleiing i spørsmål som har med barn og gjera. Barna blir vegd og målt for å sjå at dei veks og trivs, og de får tilbod om vaksinasjon av barna i samsvar med det norske vaksinasjonsprogrammet. Heile helsestasjonstilbodet er gratis

Helsesøster og helsestasjonslege vil i samarbeid med foreldre observere og undersøkja at barnet er friskt og utviklar seg som det skal. Er det noko de som foreldre eller vi på helsestasjonen lurar på i barnets utvikling, kan det vera aktuelt å ta kontakt med ein eller fleire av våre samarbeidspartnarar som t.d. fysioterapeut, PPt, barnevern og tannhelsetjenesten Nokon gonger kan det vera behov for at barnet blir tilvist til spesialist eller sjukehus.

Ved dei fleste av besøka på helsestasjonen vil de få tilbod om ein individuell time. Dersom de ikkje har fått ein ny time hjå oss når de har vore her, vil de få ein time tilsendt i posten når det nærmar seg neste konsultasjon. Helsestasjon tek kontakt når vi har fått beskjed frå sjukehuset om fødselen.

Helsestasjonen får beskjed frå sjukehuset om fødselen. Jordmor kjem på heimebesøk innan 3-4 døgn etter heimkomst. Helsesøster kjem på besøk innan 2 veker etter heimkomst.

Alle foreldre blir invitert til ettertreff i løpet av dei fyrste vekene etter fødselen. Vi har også tematreff ca.1gang pr. månad, der me har ulike tema og sosiale samvær.

For mødre med ammeproblem kan vi låne ut brystpumpe. Her må det betalast kr. 100/200 for brystpumpesett, avhengig av type.

Vaksinasjon går føre seg på helsestasjon og i skulehelsetenesta. Den begynner vanlegvis når barnet er 6 veker gamalt . Les meir om barnevaksinasjon.

Jordmorteneste

Svangerskapsomsorgen i Gol kommune er eit samarbeid mellom jordmor ved Gol helsestasjon og fastlegane i Gol kommune. Etter statlege retningslinjer og individuelt tilpassa.

Svangerskapsrutiner

  

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er eit førebyggjande helsetilbod for barn og unge i alderen 5 - 20 år
Det er viktig med eit godt samarbeid med elevane, heimen og lærarane for å førebyggje vanskar av fysisk eller psykisk art. Skulehelsetenesta samarbeider også med det øvrige hjelpeapparatet som PPt, psyikatrisk teneste og barnevernet.

Helseundersøkingar

Oppfølging av elevar ved behov

Helseopplysning/rettleiing individuelt eller i grupper

Vaksinering

Treffetid på skulen etter avtale.

Du kan ta kontakt når helsesøster er på skulen, sjå plakat med treffetid på skulens oppslagstavle.

Skulehelsetenesta er eit førebyggjande helsetilbod for barn og unge i alderen 5 - 20 år

 

Helsestasjon for ungdom

Opningstid: mandagar kl.14 - 16.30 på Helsestasjonen.

E-post

Du treng ikkje timeavtale.

Vi som arbeider her har teieplikt. Du er alltid velkommen.Tilbodet er gratis. Egne visittkort på skulane, helsestasjon, legekontoret og servicetorget.

Du møter: Jordmor eller helsesøster, og lege.

Helsestasjon for ungdom tilbyr samtaler og hjelp til tema som :

Helse / Trivsel / Mistrivsel

Kosthald / Ernæring

Spiseforstyrringar

Psykiske problem/ Mobbing Sex / Samliv / Forelsking

Kjærlighetssorg /Homofili

Prevensjon / P - piller/ P-stav

Angrepiller / Graviditetstestar

Test av kjønnssjukdommar og behandling

Rusmisbruk / Røyking

Overgrep

Omskjæring / Tvangsekteskap

Formidlar kontaktar til andre tenester: Lege / Psykiatisk teneste /NAV

Det du har behov for å ta opp

Ung.no - oppslagsverket for deg som er ung

 

Reisevaksine

Ved utanlandsreiser er det større risiko for smitte og sjukdom avhengig av reisemål, opphaldstid og leveforhold. Også den reisandes helsetilstand spelar ei rolle.

Vi rår deg til å planlegge i god tid slik at du får gjennomført dei vaksinene vi tilrår og som du vel å ta.

På helsestasjonen gir vi også generell reiseveiledning og gode råd for en god reise med utdeling av aktuelt brosjyremateriell

Telefonbestilling.

Meir om vaksinasjon ved utanlandsreiser

Klageadgang

Ein eventuell klage skal sendast til Gol helsestasjon. Klagen vil derfrå bli sendt til Fylkeslegen. Eventuelt kan du klage direkte til Norsk Pasient-skadeerstatning.

Helsestasjon

Besøksadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Telefon: 32 02 92 15

Kontaktperson: Lene Hilleren Spangebu

Tittel: Leiande helsesøster

Telefon: 32 02 92 15

Kontaktperson: Sigurdis Ingimundardottir

Tittel: Leiande jordmor

Telefon: 32 02 92 18