vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Helsetilbod for barn og unge

Helsestasjon arbeider for ein helsefremmande oppvekst og livsstil.

Helsestasjon for barn 0 -5 år

På helsestasjonen kan foreldre og føresette koma og få råd og rettleiing i spørsmål som har med barn og gjera. Barna blir vegd og målt for å sjå at dei veks og trivs, og de får tilbod om vaksinasjon av barna i samsvar med det norske vaksinasjonsprogrammet. Heile helsestasjonstilbodet er gratis.

Samarbeidspartnarar:

Helsesøster og helsestasjonslege vil i samarbeid med foreldre observere og undersøkja at barnet er friskt og utviklar seg som det skal. Er det noko de som foreldre eller vi på helsestasjonen lurar på i barnets utvikling, kan det vera aktuelt å ta kontakt med ein eller fleire av våre samarbeidspartnarar som t.d. fysioterapeut, PPt, barnevern og tannhelsetjenesten Nokon gonger kan det vera behov for at barnet blir tilvist til spesialist eller sjukehus.

Timebestilling:

Ved dei fleste av besøka på helsestasjonen vil de få tilbod om ein individuell time. Dersom de ikkje har fått ein ny time hjå oss når de har vore her, vil de få ein time tilsendt i posten når det nærmar seg neste konsultasjon. Helsestasjon tek kontakt når vi har fått beskjed frå sjukehuset om fødselen. Jordmor reiser på heimebesøk til alle som har født innan ca 2 veker etter fødselen. Helsesøster reiser på heimebesøk ut i frå ønsker og behov.

Heimebesøk

Helsestasjonen tek kontakt når vi har fått beskjed frå sjukehuset om fødselsen. Jordmor kjem på besøk innan 3-4 døgn etter heimkomsten. Helsesøster kjem på besøk innan 2 veker etter heimkomsten.

Aktivitetar:

Alle foreldre blir invitert til ettertreff i løpet av dei fyrste vekene etter fødselen. Vi har også tematreff ca.1gang pr. månad, der me har ulike tema og sosiale samvær.

Utlån:

For mødre med ammeproblem kan vi låne ut brystpumpe. Her må det betalast kr. 100/200 for brystpumpesett, avhengig av type.

 

Helsestasjon for ungdom

Tilbod for all ungdom i Gol kommune i alderen 13 - 20 år i Gol kommune. Du treng ikkje timeavtale.

Vi som arbeider her har teieplikt. Du er alltid velkommen.Tilbodet er gratis. Egne visittkort på skulane, helsestasjon, legekontoret og tenestetorget.

Du møter: Jordmor eller helsesøster, og lege.

E-post

Helsestasjon for ungdom tilbyr samtaler og hjelp til tema som :

  • Helse / Trivsel / Mistrivsel
  • Kosthald / Ernæring
  • Spiseforstyrringar
  • Psykiske problem/ Mobbing Sex / Samliv / Forelsking
  • Kjærlighetssorg /Homofili
  • Prevensjon / P - piller
  • Angrepiller / Graviditetstestar
  • Test av kjønnssjukdommar og behandling
  • Rusmisbruk / Røyking
  • Overgrep
  • Omskjæring / Tvangsekteskap
  • Formidlar kontaktar til andre tenester: Lege / Psykiatisk teneste /NAV
  • Det du har behov for å ta opp Ung.no - oppslagsverket for deg som er ung

 Ung.no - oppslagsverk for deg som er ung

 

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er eit førebyggjande helsetilbod for barn og unge i alderen 5 - 20 år

Samarbeid:

Det er viktig med eit godt samarbeid med elevane, heimen og lærarane for å førebyggje vanskar av fysisk eller psykisk art. Skulehelsetenesta samarbeider også med det øvrige hjelpeapparatet som PPt, psyikatrisk teneste og barnevernet.

Arbeidet i skulen består i:

Helseundersøkingar Oppfølging av elevar ved behov Helseopplysning/rettleiing individuelt eller i grupper Vaksinering Treffetid på skulen etter avtale. Du kan ta kontakt når helsesøster er på skulen, sjå plakat med treffetid på skulens oppslagstavle.

Skulehelsetenesta er eit førebyggjande helsetilbod for barn og unge i alderen 5 - 20 år

Klageadgang:

Ein eventuell klage skal sendast til Gol helsestasjon. Klagen vil derfrå bli sendt til Fylkeslegen. Eventuelt kan du klage direkte til Norsk Pasient-skadeerstatning.

 

Hjelpetelefonar og web

Skeiv ungdom, ungdomsorganisasjon

Regionalt ressurssenter

Nasjonalt kunnskapssenter

Selvhjelp for innvandrere

Ung

Sex og samfunn

Røde kors

Klara klok

dinutvei.no

Forskrift om kommunens helsefremmende og forebyggende arbeid

Helsestasjon

Besøksadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Telefon: 32 02 92 15

Kontaktperson: Lene Hilleren Spangebu

Tittel: Leiande helsesøster

Telefon: 32 02 92 15

Kontaktperson: Sigurdis Ingimundardottir

Tittel: Leiande jordmor

Telefon: 32 02 92 18