vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Fysioterapi og ergoterapi

Eigenandel hjå kommunale fysioterapitenester

Frå og med 1.juni 2017 vil fysioterapitenesta kreve eiegenandel. Eigeneandelen vert krevd inn i form av faktura som vert sendt ut frå økonomiavdelinga.

I dette informasjonsskrivet kan du lesa meir om retningslinene og praktisk informasjon.

Fysioterapi

Dersom du har nedsett fysisk funksjonsevne som følge av sjukdom eller skade, kan ein fysioterapeut gje deg hjelp til å betre eller vedlikehalde den fysiske funksjonsevna di. Du kan også få hjelp til å kompensere for varige funksjonsvanskar.

Fysioterapeuten kan:

  • Undersøke og kartlegge tilstanden din.
  • Gje ulike behandlings- og treningsformer.
  • Gje råd og rettleiing om forebyggande og helsefremjande tiltak.
  • Formidle hjelpemiddel.

Fysioterapitenesta i Gol kommune omfattar tiltak for born, vaksne og eldre.

Tenesta kan gjevast på fysikalsk institutt, på institusjon, i barnehage og skule, eller i paientens heim.

Fysioterapeutar deltek i tverrfagleg rehabilitringsarbeid og i utarbeiding av Individuell plan. Tenesta har to kommunefysioterapeutar og tre privatpraktiserande fysioterapeutar med avtale om kommunalt driftstilskot.

For å få fysioterapi med heil eller delvis refusjon frå NAV må du ha henvisning frå lege. Ein del skader og kroniske sjukdomar gjev rett til full refusjon.

Eigenandel på behandling er fastsett i avtale mellom Norsk Fysioterapiforbund og Staten.

Ta kontakt med fysioterapeut på telefon eller ved personleg frammøte for bestilling av time.

Aktuelle linkar:

Norsk fysioterapeutforbund - kva er fysioterapi

 

Ergoterapi

Har du vanskar med å greie daglege gjeremøl fordi du er sjuk eller skada, eller har nedsett funksjonsevne av andre årsaker, kan du få hjelp av ein ergoterapeut.

Ergoterapeuten kan:

  • Kartlegge funksjonsevna di og gi deg hjelp til å tilpasse aktivitetar og arbeidsvanar.
  • Formidle og tilpasse tekniske hjelpemiddel.
  • Tilrettelegge det fysiske miljøet heime, i barnehagen, på skulen og på arbeidsplassen.
  • Koma med innspel til kommunale planar og byggesaker når det gjeld universell utforming.

Tenesta er gratis.

Aktuelle linkar

NAV hjelpemiddelsentral i Buskerud

Korleis søker du

Fysioterapi og ergoterapi

Besøksadresse:

Rundingen 7A
3550 Gol

Posadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Kontaktperson: Avdelingsleiar Atle Handeland

Tittel: kommunefysioterapeut

Telefon: 32 02 92 24/476 05 842

Kontaktperson: Hauke Sokollek-Lied

Tittel: Kommunefysioterapeut

Telefon: 32 02 92 25/916 73 942

Kontaktperson: Åse Ingunn Midtgård

Tittel: Ergoteraput/synskontakt

Telefon: 32 02 92 23/916 73 967