vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Barnevern

Hallingdal barnevernteneste

Interkommunalt samarbeid mellom barnevernstenestene i Hol, Ål, Gol, Hemsedal, Nes og Flå. Ål kommune er vertskommune.

Hallingdal barnevernteneste har flytta inn i Familiens hus på Ål. Kontoret er bemanna kvar dag mellom kl. 09.00 og 15.30.

I tillegg har vi lokalkontor i kvar kommune.

Det kan gjerast avtaler i kvar kommune i samarbeid med sakshandsamar.

Hallingdal barnevernteneste sitt hovedkontor: Sundrevegen 95-97, 3570 Ål.

Hallingdal barnevernteneste sine lokalkontor i kvar kommune:

Hol: Servicekontoret på Geilo, Kyrkjevegen 19, 3580 Geilo. Gol: Kommunehuset, Gamlevegen 4, 3550 Gol. Hemsedal: Kommunehuset, 3560 Hemsedal. Nes: Helse- og servicesenteret, Jordeslykkja 6, 3540 Nesbyen. Flå: Kommunehuset, 3539 Flå.

 

Hjelpetiltak frå barneverntenesta

Når barnet, enten på grunn av forholda i heimen eller av andre grunnar, har særleg behov for det, skal barneverntenesta sørgje for å setje i verk hjelpetiltak for barnet og familien. Hjelpetiltak skal medverke til positiv endring hos barnet eller i familien og kan for eksempel vere:

råd og rettleiing støttekontakt besøksheim økonomisk hjelp Når det blir vedteke hjelpetiltak, skal det utarbeidast ein tidsavgrensa tiltaksplan. Barneverntenesta skal ha tett oppfølging av barnet og foreldra for å sjå om tiltaka fungerer, eventuelt vurdere nye tiltak eller omsorgsovertaking av barnet. Tiltaksplanen skal evaluerast regelmessig.

 Tiltaka kan treffast overfor barn under 18 år. Når barnet samtykker, kan tiltak som er sette i verk før barnet har fylt 18 år, halde fram eller erstattast av andre tiltak fram til barnet har fylt 23 år.

 

Nyttig generell informasjon om barnevern finn du her:

Melding til barnevernet

Ei melding til barneverntenesta (også kalla uromelding) er informasjon om at eit barn kan ha det vanskeleg. Den som melder frå, treng ikkje sjølv å ha observert det meldinga refererer til, men bør kunne identifisere kjelda til informasjonen. Eit rykte blir ikkje rekna som ei melding.

Barneverntenesta skal:

  • legge bort meldinga dersom ho openbert er grunnlaus  
  • starte undersøking dersom det er rimeleg grunn til å tru at det er behov for hjelpetiltak 
  • legge bort meldinga dersom vilkåra i lova ikkje er oppfylte

 

Målgruppe

Både privatpersonar og offentlege instansar som skole, barnehage, helsestasjon o.l. kan sende melding til barneverntenesta. Offentlege instansar og deira tilsette har opplysingsplikt til barnevernet dersom det er grunn til å tru at barn blir utsette for grov omsorgssvikt. 

Vilkår

Du kjenner til at eit barn har vanskelege leveforhold.

 

Skjema for bekymringsmelding

 

Barnevernvakt 

Det fins ei barnevernvakt for Hallingdal.

Barnevernvakta er barneverntenestens akuttberedskap, og er ei bakvaktsordning utanom ordinær kontortid.

Primæroppgåvene er å bistå familiar, barn og unge i akutte situasjonar (gjeld ikkje ungdom som er 18 år og eldre). Ein akutt situasjon betyr i praksis at nokon kan ta skade om situasjonen ikkje vert endra raskt. I nokon tilfelle kan det bety å fjerne barn frå heimen, for eksempel ved plassering i beredskapsheim eller akuttinstitusjon.

Alle tiltak barnevernvakta iverksett, er heimla i Lov om barneverntenester.

Kven kan kontakte barnevernvakta:

Politi/lensmannsetat, lege/legevakt, ambulanse og krisesenter kan kontakte barnevernvakta ved behov der dei treng bistand frå barneverntenesta. Telefonnummeret til barnevernvakta er berre tilgjengeleg for desse. Det vil si at ein som privatperson må kontakte politi eller legevakt i akuttsituasjonar. Dei vil vurdere om barnevernvakta skal kontaktas.

Kven betjener vakttelefonen:

Det er Hallingdal barnevernteneste sine tilsette som er med i ei bakvaktsordning. Det er alltid to som har vakt, ein 1. bakvakt og ein 2. bakvakt. Telefon går alltid til 1. bakvakt. Dersom det er nødvendig å rykke ut, er ein alltid 2.

Lover

Barnevernlova § 4-2 (Meldinger til barneverntenesta)

Barnevernlova § 4-3 (Rett og plikt for barneverntenesta til å gjere undersøkingar)

Barnevernloven § 6-4 (Innhenting av opplysningar)

Forskrift om opplysningsplikt for krisesentre til barneverntjenesta

Barnevernet og taushetsplikten ... (rundskriv)

Veiledning

Ei melding til barneverntenesta kan vere skriftleg eller munnleg, over telefon eller ved personleg oppmøte. Ho kan også vere anonym.

Omsorgovertaking av barn

Grunnlaget for at det offentlege overtar omsorga for eit barn, er at foreldra på ein eller annan måte ikkje har kunna gi god nok omsorg til barnet. Omsorgssvikten må dokumenterast slik at vilkåra i lova for omsorgsovertaking er oppfylte. Det må vere nødvendig å overta omsorga for barnet ut frå den situasjonen barnet er i. Eit vedtak om omsorgsovertaking kan derfor ikkje treffast dersom det kan skapast tilfredsstillande tilhøve for barnet ved hjelpetiltak.

Barneverntenesta skal kort tid etter ei omsorgsovertaking kontakte foreldra med tilbod om rettleiing og oppfølging. Barneverntenesta kan foreslå hjelpetiltak for å betre omsorgsevna til foreldra, slik at ei framtidig tilbakeføring av barnet kan bli mogeleg. Dersom foreldra ønskjer det, skal barneverntenesta, som ein del av oppfølginga, formidle kontakt med andre hjelpeinstansar.

Barneverntenesta har etter omsorgsovertakinga eit laupande ansvar for oppfølginga av barnet, medrekna eit ansvar for å følgje utviklinga til barnet og foreldra. Barneverntenesta skal, der omsynet til barnet ikkje talar mot det, legge til rette for samvær med søsken.

Foreldra kan krevje at vedtaket om omsorgsovertaking blir bringa inn for tingretten til rettsleg prøving.

 

Kriterium for omsorgsovertaking kan vere at:

  • det er alvorlege manglar ved den daglege omsorga som barnet får, eller alvorlege manglar i den personlege kontakten og tryggleiken som det treng etter alder og utvikling
  • foreldra ikkje sørgjer for at eit sjukt, funksjonshemma eller spesielt hjelpetrengande barn får dekt sitt særlege behov for behandling og opplæring
  • barnet blir mishandla eller utsett for andre alvorlege overgrep i heimen
  • det er mest sannsynleg at helsa eller utviklinga til barnet kan bli alvorleg skadd fordi foreldra er ute av stand til å ta tilstrekkeleg ansvar for barnet

 

Aktuelle linkar

Forskrift om barnets talsperson i fylkesnemndsaker § 1 (Barnet kan få ein eigen talsperson)

Forskrift om barnets talsperson i fylkesnemndsaker § 2 (Barnet skal informerast om ordninga)

Lov om barneverntjenester § 4-1 (Omsynet til barnets beste)

Lov om barneverntjenester § 4-12 (Vedtak om å overta omsorga for eit barn)

Lov om barneverntjenester § 6-3 (Barns rettar under saksbehandlinga)

Lov om barneverntjenester § 4-16 (Oppfølging av vedtak om omsorgsovertaking)

Opplysningsplikt til barnevernet og barnevernets adgang til å gi opplysninger.

 

Aktuelle nettsider

http://www.barnevernet.no/

http://www.lovdata.no/all/

Nasjonalt bibliotek for barnevern og familievern

Hallingdal barnevernteneste

Besøksadresse:

Sundrevegen 95-97
3570 Ål

Posadresse:

Torget 1
3570 Ål

Telefon: 32 08 53 10

Kontaktperson: Helene Sagabråten

Tittel: Barnevernleiar

Telefon: 32 08 53 10