vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Ungdomslosane i Hallingdal

Ungdomslosane i Hallingdal

Besøksadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Kontaktperson: Charlotte Haaland

Telefon: 409 16 466

Kontaktperson: Dag Stemsverk

Telefon: 409 16 459

Ungdomslosane i Hallingdal

Kven er me?

Me er ungdomslosane som du som ungdom kan bruke.

 

Kva kan me tilby?

Me skal hjelpa ungdommar mellom 15 og 20 år til å fullføra og bestå utdanning, kome i jobb, eller kome i aktivitet. Me hjelper ungdomar når dei har behov for oss, hjelper dei frå det eine systemet til det andre. Me kan væra med på møter med skulen, nettverk, NAV, arbeidsgjevar eller andre instansar. Me kan gje støtte du ikkje får av eksisterande system i overgangar og aktivitetar. Me skal forbedre samarbeidet mellom dei forskjellige systema.

 

Me kan også hjelpa deg med:

  •  Vekking om morgonen for å komme presis (for å hindre fråvær)
  •  Samtaler MI (motiverande samtalar)
  •  Kurs i depresjonsmeistring (også tilbud i individuelle samtalar)
  •  Hjelpe til med å strukturera kvardagen og få god døgnrytme
  •  Økonomi, laga budsjett.
  •  Veiledning i kosthald og trening.
  •  Studieteknikk og leksehjelp
  •  Skapa nettverk og sosiale relasjonar
  •  Hjelpe til med jobbsøknad og cv (eventuelt hjelp til å skaffe jobb)
  •  Hjelp til å finne bolig
  •  Finne fritidsaktivitet

 

Kvar finn du oss?

Me held for det meste til på Ål og Gol vidaregåande skule, men kjem gjerne dit du er.

 

Kven kan bruka oss?

Ungdomar mellom 15-20 år, og samarbeidspartnera som er involvert kan kontakta oss ved behov.

 

Kor lenge skal me væra prosjekt?

Sommaren 2017 er prosjektet over, men målet er at dei gode løysningane er innarbeida og fortset i skulane, kommunane og NAV.

Vil du vite meir? Ta kontakt med oss!