vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Velkommen til SFO

Velkommen til SFO

Her kan du søkje om plass.

Praktisk informasjon til føresette

Opningstider:

Morgonen frå kl. 7.30 - 8.30
Etter skuletid kl.13.00 - 16.30

 

SFO følgjer skuleåret sine feriar og fridagar

 

Rutiner ved bringing og henting av barna


For bringing og henting kan føresette køyre til parkeringsplassen og derifrå følge og hente barnet på SFO. Før kl. 08.00 og etter kl.15.00.
Ta til høgre ved hovudinngangen og passèr SFO inngangen. Alle skal gå inn i garderoben til det trinnet barnet tilhøyrer. Barna skal her henge av seg yttertøy på tildelt plass og ta på innesko. Vaksne må ta av sko eller bruke blå skotrekk for å følge vidare inn til avdelinga. Dette gjeld også ved henting om ettermiddagen.
Ta alltid kontakt med ein vaksen på avdelinga når de kjem om morgonen og når de henter om ettermiddagen.
Hugs å gje beskjed om sjukdom eller endringar frå fast SFO rutine.
Føresette kan gjere avtale med SFO - personalet om at barnet kan gå heim eller til ein aktivitet sjølv til ei avtalt tid.

 

Dagsrytmen på SFO

Dagsrytmen på SFO

Om morgonen

Kl. 7.30 SFO åpnar
Kl. 7.45 Dei som ønskjer kan ete frokost. Vatn til drikke
Elevar kan setje SFO-matboksen sin i kjøleskapet på SFO til
ettermiddagstilbudet begynner.
Rolege aktiviteter i fellesområdet på SFO
Kl. 8.15 1.-4.trinn går til garderoben saman med vaksne frå SFO

Kl. 8.20 – 08.30 Utetid på skuleplassen

 

Kl. 8.30 Skuledagen startar 


Om ettermiddagen:

Kl. 13.00 1. og 2.trinn blir møtt i klasseromma, innkryssing og gjennomgang av dagen før vi går samla til SFO

Kl. 13.00 - 13.30 Matpakke/vatn + frukt 1. og 2. trinn 

KL. 13.00/14.15/14.30  3. og 4.trinn kjem til SFO, innkryssing og matpakke /vatn/frukt

Måltid ca ein gong i veka, 1.-4. trinn
Variert meny med fokus på sunn, god mat som ungane i mindre grupper kan væra med å lage til

Kl. 13.30 - 15.00 Ulike aktivitetar ute og inne
Frileik ute og inne, tilbod til om organisert fysisk aktivitet og bordaktivitetar, tema

Kl. 15.00 Ryddetid inneaktiviteter 

Kl. 15.00–16.30 Utetid for alle - frileik, fysisk aktivitet
Personalet ute registrerer barna som blir henta iflg liste

Kl. 16.15 Ryddetid uteleiker

Kl. 16. 30 SFO stenger

Prisar - SFO

Gjeldande satsar frå 1.1.2017

Alt. 1       0-7 timar                   1 450 kroner per mnd.
Alt. 2      8-11 timar                  2 250 kroner per mnd
Alt. 3    12-16 timar                  2 400 kroner per mnd
Alt. 4    17-23 timar                  2 700 kroner per mnd

Sats for kjøp av heil enkeltdag er 240 kroner
Sats for kjøp av halv enkeltdag er 120 kroner
Gebyr ved for sein henting - pr påbegynt time kr. 275.-

Sats for kjøp av enkeltdag for barn som ikkje har fast SFO-plass er 280 kroner.

 

Tilbod i skuleferiane

SFO har stengt i alle skulens feriar.

IFO (idretts-fritids-ordning) på Hallingmo har tilbod i skuleferiane for alle elevar frå 1.-7.klasse. Tilbodet gjeldt kun for 1.-2. klasse dersom dei går på IFO til vanleg.

Her er lenka til nettsida til IFO

Facebooksida til IFO

Vedtekter for SFO 

Vedtekter for skulefritidsordning i Gol kommune frå 01.08.16.pdf

SFO

Besøksadresse:

Svøovegen 64
3550 Gol

Telefon: 32 02 92 60

Kontaktperson: Randi Myren Lien

Tittel: Leiar SFO

Telefon: 32 02 92 60