vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Spesialundervisning i grunnskulen

Spesialundervisning i grunnskulen

Elevar som ikkje har eller ikkje kan få eit tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning. Spesialundervisninga skal ha eit slikt innhold at det samla tilbodet gir eleven eit forsvarleg utbytte av opplæringa. Elevar som får spesialundervisning, skal ha det same totale undervisningstimetalet som gjeld for andre elevar.

Eleven eller foreldra/føresette kan krevje at skolen gjer dei nødvendige undersøkingane for å finne ut om eleven treng spesialundervisning, og eventuelt kva for opplæring eleven treng

Før kommunen gjer vedtak om spesialundervisning, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering av dei spesielle behova som eleven har. Vurderinga skal vise om eleven har behov for spesialundervisning, og kva for opplæringstilbod ein bør gi.

Klage

Klage på vedtaket skal sendast innan ein frist på tre veker frå vedtaket vart motteke.

Klagen skal sendast til den instansen som har gjort vedtaket.

I klagen skal ein oppgi kva ein ønskjer endra i vedtaket, og ei grunngjeving for det. Kommunen kan hjelpe til med å skrive klagen.

Klageinstansen er Fylkesmannen. Før klagen blir send dit, skal den instansen i kommunen som fatta vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande ved lag, vil saka bli send til Fylkesmannen for klagebehandling.

Det blir sendt tilbakemelding om utfallet av klagebehandlinga, enten frå Fylkesmannen eller frå kommunen

Samarbeidspartnere

Pedagogisk-psykologisk teneste (PP-tenesta).

Departementet skal sørgje for at det blir utarbeidd lærebøker og andre læremiddel for spesialundervisning.

Lover

Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta.

Opplæringslova kap. 5