vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

KRL faget- melding om fritak

KRL-faget - melding om fritak

Kristendoms-, religions- og livssynskunnskap (KRL) skal vere eit fellesfag for alle elevar, uavhenging av religiøs eller livssynsmessig bakgrunn. Undervisninga i faget skal ikkje vere forkynnande.

Elevar skal etter skriftleg melding frå foreldra få fritak frå dei delane av undervisninga som foreldra eller eleven ut frå eigen religion eller eige livssyn opplever som utøving av annan religion eller tilknyting til eit anna livssyn, eller som dei opplever som støytande eller krenkjande. Elevar som har fylt 15 år kan sjølve gi skriftleg melding utan samtykke frå foreldre/føresette.

Trass i at det er forbod mot forkynning i skolen, kan det oppstå situasjonar som somme foreldre eller elevar opplever som problematiske. Fritaksretten gjeld alle skolefag. Skolen skal kvart år informere elevane og foreldra om reglane for fritak.

Klage

Klage på vedtaket skal sendast innan ein frist på tre veker frå vedtaket vart motteke.

Klagen sjal sendast til skolen som har fatta vedtaket.

I klagen skal ein oppgi kva ein ønskjer endra i vedtaket, og grunngi det. Kommunen kan hjelpe til med å skrive klagen.

Klageinstansen er Fylkesmannen. Før klagen blir send dit, skal skolen som fattet vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir oppretthalde, vil saka bli send til Fylkesmannen for klagebehandling.

Det skal sendast tilbakemelding om utfallet av klagebehandlinga enten frå Fylkesmannen eller frå skolen.

Aktuelle linkar

Opplæringslova §§ 2-4 og 2-3 a

Forskrift til opplæringslova

Forvaltningslova