vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Karakterar og klagerett

Ein kan klage på alle karakterar som skal stå på vitnemålet. Det kan klagast på standpunktkarakterar, eksamenskarakterar, karakterar til fag- og sveineprøver og kompetanseprøve, realkompetansevurdering og karakter i orden og oppførsel. Den som har klagerett, kan krevje grunngjeving. Ved skriftleg eksamen kan eleven be om å få kopi av eigne eksamenssvar når karakteren er fastsett, men det kan ikkje krevjast grunngjeving for karakteren.

Elevar, lærlingar, privatistar og praksiskandidatar eller dei som desse har gitt skriftleg fullmakt til kan klage på karakterar.

Foreldre til umyndige elevar, lærlingar eller privatistar har sjølvstendig klagerett.

Elevar under 15 år kan ikkje klage utan skriftleg samtykkje frå foreldra.

Klaga må vere skriftleg. Ho må underskrivast av klagaren eller eventuelt av den som har fullmakt. Klaga skal oppgi det vedtaket som blir påklaga. Klaga bør innehalde grunngjeving for klaga. Ved klage på karakter etter skriftleg eksamen er det ikkje nødvendig å grunngi klaga.

Aktuell link

Forskrift til opplæringslova kap. 5 (Klage på vurdering)