vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Melding om fritak frå skulegudstenesta

Info om skulegusteneste og  melding om ev. fritak frå skulegudstenesta

Gol skule har tradisjon for å ha skulegudsteneste i Gol kyrkje siste skuledagen før jul. I år er det skulegudstenester torsdag 22. desember. For 1.-6. trinn er det kl. 10. 30 og for 7.-10 trinn kl. 12.00
Elevane møter på skulen til vanleg tid, og vi går saman til kyrkja.1. og 2. klassingane får køyre buss opp og går ned att. 
Foreldre og besteforeldre er hjarteleg velkomne til å delta saman med oss.
 
Deltaking i ei gudsteneste kan vera ein aktivitet enkelte ønskjer å søkje fritak frå. 
Vi har derfor ei førjulsstund på skulen for dei elevane som ikkje skal delta i gudstenesta, Program for førjulsstunda vil bli sendt ut på e-post til dei som skal delta der.
 
Siste skuledag før jul blir avslutta til vanleg tid. Klassane har hyggestunder etter at dei kjem frå kyrkja og frå førjulsstund.
 
For å få ein oversikt over dei elevane som ikkje skal delta på skulegudstenesta, ber vi om å få skriftleg tilbakemelding frå heimen om dette.
Skriv ev melding i meldingsboka til kontaklærar om fritak.

Velkommen til førjulsstund på Gol skule

Invitasjon til førjulsstund på skulen for dei som ikkje skal væra med på skulegudstenesta.