vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Diverse info

I

Til og frå skulen 

Skuledagen startar kl. 08.30 om morgonen for alle trinn. Bussane kjem inn til skyss-stasjonen 
seinast kl. 08.10 slik at alle rekk opp til skulen innan kl. 08.30 
Skuledagen sluttar anten kl. 13.00, 14.15 eller kl. 14.30. Det går buss frå skyss-stasjonen kl. 13.20 
og kl. 14.45 alle dagar. 
3. og 4. trinn vil slutte kl. 14.15 kvar onsdag. Dei som skal gå heim, kan gjera det og dei som skal 
på SFO eller IFO går rett dit. Skyss-elevane på desse 2 trinna må vente til kl. 14.30 før dei får lov 
til å gå. Det vil vera tilsyn med skyss-elevane, inne eller ute, dette kvarteret.  
Dersom nokon må køyre ungane sine til skulen, vil det vera ei rundkøyring for rask av – og 
påstigning like ved innkøyringa til samfunnshuset. 
Når ungar skal leverast og hentast på SFO vil ein kunne bruke parkeringsplass på nordsida av 
skulebygget. 
Bygginga av den nye gangvegen frå Heslabrua og opp er i full gang og skal stå klar til skulestart. 
Informasjon frå skulen 
Nye Gol skule vil få ny heimeside som er ein del av heimesida til Gol kommune. Når den er klar 
vil all informasjon bli lagt ut der. 

Skuleruta

Ein del av elevane våre har rett til fri skuleskyss.
Det er § 7-1 i Opplæringslova som regulerer retten til gratis skuleskyss: ”Elevar i 2.-10.klasse som bur meir enn fire kilometer frå skolen har rett til gratis skyss. For elevar i 1.klasse er skyssgrensa to kilometer. Elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skoleveg har rett til gratis skyss utan omsyn til veglengda.”
Her kan du lesa om kva for reglar som gjeld ved tildeling av skyss.
Skyssrett etter avstand mellom heim og skule
Sjølv om ein elev har skyssrett, betyr ikkje det at eleven kan krevje skyss heilt frå heimen. Når skyssretten er utløyst, blir det forventa at elevane går ein rimeleg distanse fram til ein oppsamlingsplass/haldeplass.
Rimeleg distanse må avgjerast etter konkret vurdering i forhold til elevens alder, trafikktryggleik og kor framkomeleg strekninga er. Skysstilbodet må likevel dekkje størstedelen av totaldistansen.

Skuleskyss er den daglege skyssen mellom heim og skule til ordinære start- og slutttider ved skulen. Elevane har ikkje rett til skyss ut over desse ordinære tidene som t.d. før og etter SFO eller IFO.
Skyss av elevar med funksjonshemming eller midlertidig skade/sjukdom
Elevar som har varige eller mellombelse funksjonshemmingar/skadar, og som etter legeerklæring eller sakkunnig uttale har behov for skyss, har rett til fri skuleskyss ubunde av avstanden mellom heim og skule. Det er elevens medisinske tilstand, anten denne er mellombels eller varig, som avgjer retten til skyss. Sakkunnig uttale frå medisinsk helsepersonell skal føreliggja når skyssbehovet vert meldt og før skyssen vert iverksett.
Skuleskyss ved delt bustad
Barn i familiar der foreldra ikkje bur saman, har rett til skyss til/frå skulen til/frå heimeadressene til begge foreldra når foreldra har delt dagleg omsorg. Føresetnaden er at barnet fyller skysskrava til begge adressene.
Med begrepet delt dagleg omsorg meines at barnet bur like mykje hos begge foreldra, tilnærma lik 50-50 (40-60). Det må også vera klarlagt på førehand kor barnet bur til ei kvar tid, slik at skyssen kan planleggjast deretter. Det skal dokumenterast av offentleg instans at foreldra har delt dagleg omsorg. Dokumentasjonen skal liggje ved søknad om skyss som nemnd ovanfor.
Trafikkfarlig eller vanskelig skuleveg.
Skyssen skal som hovudregel organiserast med offentleg kollektivtransport. Val av anna transportmiddel skal godkjennast av fylkeskommunen/Regionrådet.
Elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg, har rett til skyss når skulevegen er kortare enn skyssgrensene på 2 og 4 km. Kommunen gjer vedtak om heile eller delar av skulevegen skal definerast som trafikkfarleg eller særleg vanskeleg. Det må vera særlege forhold som utløyser skyssrett med bakgrunn i trafikkfarleg skuleveg.
Lova krev at elevane blir utsett for fare som er utanom det vanlege.

Vinterskyss
Tilstanden på skulevegen kan variere med årstidene. Derfor kan det vere aktuelt med skyss delar av skuleåret.
Organisering av skuleskyssen
Det er Brakar- Buskerud Kollektivtrafikk AS som på vegne av Buskerud fylkeskommune er delegert ansvaret for skuleskyssen, og heimen vil få informasjon frå selskapet om korleis skyssen blir organisert.
Skulen sender søknad til Brakar om alle skyss-elevar.

Les meir om skuleskyss på www.brakar.no

Søknad om elevpermisjon/skulefri

Du skal nytte skjemaet om du skal søkje fri for eleven i meir enn tre skuledagar.
Fråvære til og med tre dagar skal du skrive i meldingsboka til kontaktlærar.
Opplæringslova § 2-11 seier følgjande om permisjon frå den pliktige opplæringa;
Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker.
Ved søknad om fri utover 2 veker skal eleven skrivast ut frå skulen. Det bør i slike tilfelle opprettast ein samarbeidsavtale mellom eleven og skulen. Det er ein føresetnad at denne avtalen ikkje påfører skulen/kommunen eit juridisk eller økonomisk ansvar
Vi minner om opplæringslova §2-11 om permisjon frå undervisninga der det heiter:
” Det er eit vilkår for retten at foreldra sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute”
I samråd med kontaktlærar vert søknaden om skulefri stetta med det vilkåret at det er foreldra som er ansvarlege for at barna får nødvendig undervisning ved permisjon frå undervisning. Kontaktlærar/faglærar gir råd og rettleiing om kva bøker og fagstoff ein bør arbeide med i fråværsperioden.

Søknad om fritak frå deltaking på nasjonale prøver

Fritak vil berre vere aktuelt for elevar med rett til spesialundervisning (enkeltvedtak) eller opplæring etter § 2-8 (særskilt språkopplæring for elever frå språklige minoriteter), og der det samtidig er klart at prøvene ikkje vil ha noko å seie for eleven si opplæring, jf. forskrift til opplæringslova § 2-4, andre ledd.

Fyll ut dette skjema

Informasjon om skulegudsteneste før jul.

Skulen i Gol har tradisjon for å ha skulegudsteneste i Gol kyrkje siste skuledagen før jul. 
I år er det gudstenester  torsdag 22. desember. For 1.-6.klasse er det kl. 10. 30 og for 7.-10. trinn klokka 12.00.
Elevane møter på skulen til vanleg tid, og vi går saman til kyrkja.1. og 2. klassingane får køyre buss opp og går ned att. 
Foreldre og besteforeldre er hjarteleg velkomne til å delta saman med oss.
 
Deltaking på gudsteneste kan vera ein aktivitet enkelte ikkje ønskjer å delta på. 
Vi har derfor ei førjulsstund på skulen for dei elevane som ikkje skal delta i gudstenesta, Program for førjulsstunda vil bli sendt ut på e-post til dei som skal delta der.
For å få ein oversikt over dei elevane som ikkje skal delta på skulegudstenesta, ber vi om å få skriftleg tilbakemelding frå heimen om dette. Send ev.  melding til kontaktlærar i meldingsboka om dette
Siste skuledag før jul blir avslutta til vanleg tid. Klassane har hyggestunder  på slutten av dagen.