vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Velkommen til nytt skuleår

Måndag 21. august startar skuleåret 2017-2018 for alle elevane ved Gol skule

Elevane frå 2.-10. trinn møter til vanleg tid kl. 08.30. Skyssen går som vanleg.

Alle møter ute på nedsida av skulen, ved diamanten.

Elevar og føresette i 1. trinn møter kl. 09.30, også dei på nedsida ved diamanten.

Sjølv om vi no er gjennom den første innkøyringsfasen på ny skule, er det også dette skuleåret nye ting å forhalde seg til:

  • Ny idrettshall!
  • Læringformen It`s learning går ut og bli erstatta av ein ny som heiter Skooler. Foreldrepålogging blir via ID-porten.
  • Ordninga med SMS til læraranes epost blir endra slik at alle kontaktlærarar får eit eige nummer å sende SMS til. Sjå lista over kontaktlærarar under Administrasjon og tilsette for å finne nummer.
  • Vi får skulekatalog med bilde av alle elevar og tilsette. Dette skjer i september
  • Opplæringslova §9A om elevanes læringsmiljø er endra frå 1. august. Informasjon om dette blir lagt under menypunktet Læringsmiljø

Etter ein prosess blant elevar, tilsette og foreldre i FAU  kom vi i vår fram til skulens verdigrunnlag:

                                                              Engasjert    Inkluderande   Glad

Desse verdiane må forplikte alle som høyrer til skulen: leiing, tilsette, elevar og foreldre.

Vi ynskjer alle elevar velkomne til eit nytt og spennande skuleår!