vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Skuleskyss

Retningsliner for skuleskyss

Retningsliner for skuleskyss vart vedteke i kommunestyre 21.mars 2017 i k-sak 24/17.
Retningslinene gjeld frå 1.august 2017.

Skuleskyss

Ein del av elevane våre har rett til fri skuleskyss. 
Det er § 7-1 i Opplæringslova som regulerer retten til gratis skuleskyss: ”Elevar i 2.-10.klasse som bur meir enn fire kilometer frå skolen har rett til gratis skyss. For elevar i 1.klasse er skyssgrensa to kilometer. Elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skoleveg har rett til gratis skyss utan omsyn til veglengda.” 
Her kan du lesa om kva for reglar som gjeld ved tildeling av skyss.

 
Skyssrett etter avstand mellom heim og skule

 
Sjølv om ein elev har skyssrett, betyr ikkje det at eleven kan krevje skyss heilt frå heimen. Når skyssretten er utløyst, blir det forventa at elevane går ein rimeleg distanse fram til ein oppsamlingsplass/haldeplass. 
Rimeleg distanse må avgjerast etter konkret vurdering i forhold til elevens alder, trafikktryggleik og kor framkomeleg strekninga er. Skysstilbodet må likevel dekkje størstedelen av totaldistansen.

Skuleskyss er den daglege skyssen mellom heim og skule til ordinære start- og slutttider ved skulen. Elevane har ikkje rett til skyss ut over desse ordinære tidene som t.d. før og etter SFO eller IFO.

 
Skyss av elevar med funksjonshemming eller midlertidig skade/sjukdom

 
Elevar som har varige eller mellombelse funksjonshemmingar/skadar, og som etter legeerklæring eller sakkunnig uttale har behov for skyss, har rett til fri skuleskyss ubunde av avstanden mellom heim og skule. Det er elevens medisinske tilstand, anten denne er mellombels eller varig, som avgjer retten til skyss. Sakkunnig uttale frå medisinsk helsepersonell skal føreliggja når skyssbehovet vert meldt og før skyssen vert iverksett.

Skuleskyss ved delt bustad


Barn i familiar der foreldra ikkje bur saman, har rett til skyss til/frå skulen til/frå heimeadressene til begge foreldra når foreldra har delt dagleg omsorg. Føresetnaden er at barnet fyller skysskrava til begge adressene. 
Med begrepet delt dagleg omsorg meines at barnet bur like mykje hos begge foreldra, tilnærma lik 50-50 (40-60). Det må også vera klarlagt på førehand kor barnet bur til ei kvar tid, slik at skyssen kan planleggjast deretter. Det skal dokumenterast av offentleg instans at foreldra har delt dagleg omsorg. Dokumentasjonen skal liggje ved søknad om skyss som nemnd ovanfor. 
Trafikkfarlig eller vanskelig skuleveg. 
Skyssen skal som hovudregel organiserast med offentleg kollektivtransport. Val av anna transportmiddel skal godkjennast av fylkeskommunen/Regionrådet. 
Elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg, har rett til skyss når skulevegen er kortare enn skyssgrensene på 2 og 4 km. Kommunen gjer vedtak om heile eller delar av skulevegen skal definerast som trafikkfarleg eller særleg vanskeleg. Det må vera særlege forhold som utløyser skyssrett med bakgrunn i trafikkfarleg skuleveg. 
Lova krev at elevane blir utsett for fare som er utanom det vanlege.

Vinterskyss


Tilstanden på skulevegen kan variere med årstidene. Derfor kan det vere aktuelt med skyss delar av skuleåret.


Organisering av skuleskyssen


Det er Brakar- Buskerud Kollektivtrafikk AS som på vegne av Buskerud fylkeskommune er delegert ansvaret for skuleskyssen, og heimen vil få informasjon frå selskapet om korleis skyssen blir organisert. 
Skulen sender søknad til Brakar om alle skyss-elevar.

Les meir om skuleskyss på www.brakar.no