vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Samisk veke ved Gol skule

Denne veka har 7. trinn hatt samisk veke. Ei veke om samisk kultur, historie og språk. Dei har sett filmen om Kautokeinoopprøret. På kjøkkenet har dei laga Bidos som er ein samisk gryterett/suppe og bakt samisk brød. Dei har designa samiske drakter på papirdokker. Ute er det spraymåla eit stort sameflagg i snøen. Lassokasting og ein samisk leik som heiter Kappkjerring. Mykje aktivitet og flinke elevar ved Gol skule.